Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Bård Hoksrud, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om beskyttelse av spedbarn mot RS-virus (Innst. 415 S (2025–2026), jf. Dokument 8:237 S (2025–2026))
Innlegget
Kjersti Toppe (Sp) [18:32:11] (leiar i komiteen): Eg snakka i mitt førre innlegg om at vi skal vera veldig takknemlege for dei vaksinane vi har fått, særleg dei vaksinane vi har som gjer at barn som veks opp i dag, slepp sjukdomar som er både alvorlege og veldig plagsame. No diskuterer vi eit forslag om å innføra vaksine eller beskyttelsestiltak mot RS-virusinfeksjon hos småbarn og spedbarn. Det som etter mi vurdering er spesielt i denne saka, er at det nærmast vert ein etisk vanskeleg situasjon når ein er på overfylte barneavdelingar og akuttpostar med mange spedbarn som slit veldig med å pusta – dei er tungpusta, nokon må òg på respirator – og vi veit at dette faktisk kunne vore unngått. For meg og Senterpartiet er dette ei veldig spesiell sak vi faktisk ønskjer å prioritera no, når vi har fått veldig klare råd frå Folkehelseinstituttet. Mange før meg har stått på talarstolen og kome med gode argument, om både korleis dette er i våre naboland, og kor mange barn dette vedkjem kvart år. Det er ikkje få. Vi kan tenkja oss dei lidingane ein kan unngå, og at det inneber ei stor belasting for helsevesenet vårt. Vi kan anta at det vert ein stor nedgang i sjukehusinnleggingar med ein vaksine. Det er òg veldig bra å tenkja på. Som statsråden har vore inne på, vil det vera ei innsparing for sjukehusa ved innføring av denne vaksinen. Det er òg samfunnsøkonomisk lønsamt. Mange foreldre må ta fri frå arbeid for å følgja med dei sjuke ungane sine. Det ville vi òg kunna ha unngått. Fyrst og fremst vil det verta fleire friske spedbarn i Noreg, og det synest eg er ein god grunn til å gjera ei politisk prioritering. Verda helseorganisasjon er blant dei som har anbefalt dette, så det manglar ikkje på tilrådingar. Eg har respekt for at dette òg er ei politisk prioritering. Difor er forslaget skrive slik at regjeringa skal koma tilbake igjen, men i løpet av hausten. Vi ønskjer eit prinsippvedtak om at dette skal innførast. Vi meiner at statsråden må ta grep slik at ein parallelt no framover greier ut dette programmet, sånn at beskyttelsestiltak kan starta med ein gong tiltaket er finansiert.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat