Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Bård Hoksrud, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om beskyttelse av spedbarn mot RS-virus (Innst. 415 S (2025–2026), jf. Dokument 8:237 S (2025–2026))
Innlegget
I førre sak var eg tydeleg på at Senterpartiet meiner at innføring av vaksiner må vera politisk forankra, og at vi òg tar politisk ansvar for dei kostnadene som tilbodet medfører. Men eg reagerer på representanten frå Arbeidarpartiet som eigentleg gjer denne saka til ein situasjon der vi gjer opp rekning utan vert – at det er useriøst, og at vi ikkje kan fremja forslag i Stortinget om saker som har ei kostnadsside, utanom budsjettet. Sånn fungerer jo ikkje Stortinget. Arbeidarpartiet kan gå tilbake og sjå kva forslag dei sjølve var med på i opposisjon. Sjølvsagt var Arbeidarpartiet med på forslag som hadde konsekvensar for utgiftssida i helsevesenet, når dei sat på Stortinget. Det finst haugevis av eksempel. Blant anna var Arbeidarpartiet med på eit vedtak om å auka døgnkapasiteten i psykisk helsevern. Det har ei kostnadsside, men vi gjorde eit prinsippvedtak om at det ønskte vi. Arbeidarpartiet var med på forslaget om å styrkja fødsels- og barselomsorga. Sjølvsagt har det ei kostnadsside. Det vart gjort utan budsjett. Skal vi ta Arbeidarpartiet på alvor, kan vi ikkje fremja ei einaste sak utanom ved budsjettbehandling. Sånn fungerer ikkje Stortinget. Men sjølvsagt – når vi går inn for eit forslag, er det òg ein garanti for at vi som står bak dette forslaget, ønskjer å prioritera desse pengane inn, det er den forpliktinga. Eg meiner at når ein er ei mindretalsregjering, må ein passa seg litt for å heile tida koma med denne retorikken. Han er brukt i andre saker òg, og det vil eg eigentleg ta avstand frå. No er det eit breitt fleirtal i Stortinget som står bak denne formuleringa i vedtaket – ikkje om å koma med ein plan der det er usikkert når dette skal innførast, men om å koma tilbake til Stortinget i løpet av 2026. Da meiner eg, som eg òg tok opp i replikkvekslinga, at ein kan begynna å førebu innføringa av dette, slik at ein brukar minst mogleg tid etter at ein har løyvd pengane. Det er eg heilt einig i, det må vi gjera i budsjettet. Men ein må ta Stortinget på alvor. Vi ønskjer at vi iallfall kan nå mest mogleg av neste sesong, altså vintersesongen, for å beskytta dei aller minste og mest sårbare blant oss, og fordi dette er ei politisk prioritering som vi står ved.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat