Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Julia Brännström Nordtug, Kristian August Eilertsen, Stig Atle Abrahamsen, Anne Grethe Hauan og Bård Hoksrud om justering av terskelverdien for legemidler (Innst. 416 S (2025–2026), jf. Dokument 8:238 S (2025–2026))
Innlegget
Senterpartiet meiner at det er heilt nødvendig for rettferdig prioritering at dagens alternativkostnad som eit minimum vert justert for pris- og produktivitetsutvikling inntil det nye nivået for anslaget er på plass. Vi fremja vårt eige forslag om dette med utgangspunkt i vedtaket Stortinget gjorde om dette for eit år sidan. Senterpartiet er skuffa over regjeringa si oppfølging av vedtaket frå i fjor, som vart gjort under behandlinga av prioriteringsmeldinga. Saman med FrP fremjar vi i dag følgjande forslag: Stortinget ber regjeringa snarast følgja opp Stortingets vedtak nummer 903 og sikra at dagens alternativkostnad vert justert for pris- og produktivitetsutvikling inntil sikrare anslag for alternativkostnaden baserte på norske forhold er på plass, og koma tilbake til Stortinget seinast innan utgangen av 2026. Som legeforeininga skriv i sitt høyringsinnspel: «Når terskelverdien ikke justeres i takt med prisutviklingen, innebærer det i praksis en gradvis innstramming i prioriteringene uten at dette er resultat av et eksplisitt politisk vedtak. Stillstand i terskelverdien er derfor ikke en nøytral videreføring, men en reell prioriteringsbeslutning med konsekvenser for pasienttilgang.» Stortinget har altså allereie gjort vedtak om å be regjeringa sørgja for eit nytt estimat for alternativkostnaden basert på norske data. Og det er jo grunnen til at Senterpartiet ikkje står inne i tilrådinga, for det er allereie vedtatt. Vi meiner at dei årstala som no står i vedtaket, er lang tid. Det skal koma ein rapport i 2028, og så skal den rapporten på høyring, og så skal departementet gjera vurderingane sine av det. Da vil vi jo kanskje ikkje i denne stortingsperioden få tilbake igjen ein alternativkostnad på bakgrunn av norske data. Det er veldig lang tid. Regjeringa har allereie brukt eitt år på dette før det arbeidet er byrja. Det synest eg òg er kritikkverdig. Men etter ei totalvurdering har eg likevel tenkt at vi stemmer subsidiært for forslaget, for det er kanskje betre enn ingenting. For oss handlar dette om å bevara tilliten til det norske helsevesenet og det offentlege helsevesenet. Senterpartiet fremja allereie i 2015 forslag om å be regjeringa gjera eit nytt estimat av alternativkostnaden basert på norske forhold, og da stod vi ganske åleine om det. Vi er skuffa over at oppdraget frå i fjor om å greia ut korleis dagens alternativkostnad kan justerast, i mandatet til utvalet vart til å vurdera om det finst grunnlag for å justera alternativkostnaden.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat