Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Julia Brännström Nordtug, Kristian August Eilertsen, Stig Atle Abrahamsen, Anne Grethe Hauan og Bård Hoksrud om justering av terskelverdien for legemidler (Innst. 416 S (2025–2026), jf. Dokument 8:238 S (2025–2026))
Innlegget
Det er forskjell på å få ein ny alternativkostnad basert på norske forhold og om vi skal prisjustera i mellomtida, og det er det ueinigheita går på no. Vi er alle einige om at vi skal ha ei utgreiing av alternativkostnad basert på norske forhold, noko som Senterpartiet fremja forslag om for ti år sidan. Så det er veldig bra at det endeleg kjem på plass. Til hurtigutgreiinga: Kan statsråden sjå det urimelege som ligg i merknadene i komiteen, at ein bad regjeringa sørgja for ei utgreiing om korleis dagens alternativkostnad kan justerast i forhold til pris- og produktivitetsutvikling, og til mandatet til utvalet om å vurdera om det finst grunnlag for å justera. Det er ganske vesentlege forskjellar. Senterpartiet er ikkje fornøgd med oppfølginga og meiner det er vridd på i mandatet. Kan statsråden sjå at det er uheldig med slike omformuleringar, og at det har noko med tilliten til oppfølging av stortingsvedtak å gjera?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat