Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Julia Brännström Nordtug, Kristian August Eilertsen, Stig Atle Abrahamsen, Anne Grethe Hauan og Bård Hoksrud om justering av terskelverdien for legemidler (Innst. 416 S (2025–2026), jf. Dokument 8:238 S (2025–2026))
Innlegget
Når representanten frå FrP snakkar om at andre må slutta å vera høge og mørke, kan eg fortelja at dei i 2015 stemte mot forslaget om å utgreia alternativkostnaden basert på norske forhold. Så FrP har i denne saka litt ansvar for at det har gått så mange år, og for at ein ikkje tok tak i det. Det vi diskuterer i dag, visste vi allereie i 2015. Det vart opplyst om det i meldinga vi hadde om prioritering, som vart lagd fram i av regjeringa til Høgre og FrP. Då er det sagt. Statsråden sa i replikkordvekslinga at utvalet fekk i oppdrag å utgreia om det var grunnlag for å justera alternativkostnaden. Det er sant, men kritikken frå Senterpartiet er at det ikkje var ei oppfølging av vedtaket til Stortinget. Vedtaket som vart gjort av Stortinget i samband med behandlinga av prioriteringsmeldinga i fjor, var eit kompromiss. Arbeidarpartiet var med på det – eg trudde vi hadde ein avtale. Det var filt ganske mykje på formuleringane, og eg oppfatta at dei har vorte vridde på etterpå. Så frå at vi skreiv at ein skal greia ut korleis ein kan prisjustera det inntil den nye alternativkostnaden er på plass, har oppdraget til utvalet vorte å seia om det er grunnlag for det. Det er ugreitt. Det er litt som «som ein ropar i skogen, får ein svar». Utvalet har då svart på eit oppdrag om kor vidt det er grunnlag for det, ikkje korleis ein kan innføra det. Det gjer at vi er kritiske i dag og meiner at vedtaket til Stortinget faktisk ikkje er følgt opp. Dette var jo noko vi var einige om for eitt år sidan. Det vert sagt mykje om den rapporten som er komen. Vi òg høyrer sjølvsagt på det som står i fagrapportar, men det som det ikkje har vorte sagt så mykje om i denne salen, er jo at den rapporten har vorte ganske kraftig kritisert òg. Han måtte jo trekkast tilbake fordi han hadde ei villeiande tilvising. Samtidig vert tilrådinga oppretthalden i den nye rapporten. I høyringa kunne vi likevel høyra kva f.eks. Overlegeforeininga og Legeforeininga skriv, så dette er i beste fall omdiskutert. Så vi har ikkje fått ein eintydig fagrapport, og at alle fagmiljøa er einige om at dette ikkje er bra. Det er faktisk ein stor diskusjon i Helse-Noreg om dette, noko som gjer at Senterpartiet i dag fremjar eit nytt forslag, som eigentleg er ganske likt eit forslag frå i fjor, der vi ber regjeringa kome tilbake igjen med ei ordentleg sak om korleis dette kan verta følgt opp.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat