Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))
Innlegget
Kjersti Toppe (Sp) [21:00:14] (leiar i komiteen): Mens vi ventar på helsereformutvalet, risikerer vi at norske sjukehus vert sentraliserte i sund, og at vi får ei bit-for-bit-nedlegging av viktige lokalsjukehusfunksjonar. Det kan vi ikkje sitja og sjå på. Lokalsjukehusa er ein grunnmur i helsetenesta vår og kan behandla om lag 70 pst. av pasientane som treng sjukehusbehandling, og like mange kan verta ferdigbehandla på lokalsjukehusnivå. I ei tid der helse- og omsorgsministeren har bedt norske sjukehus om å førebu seg på krise og krig, er det viktig at vi får fleire og ikkje færre fullverdige lokalsjukehus. Vi meiner at lokalsjukehus som eit minimum må sikrast døgnberedskap og breiddekompetanse innan medisin, kirurgi, anestesi, røntgen og laboratorietenester, i tillegg til ei fødeavdeling der det er slikt i dag, og at ein må ha eit breitt tilbod av planlagde dagtenester, men no opplever vi at mange føretak planlegg eller gjennomfører sentraliseringar av slike tenester. På Ringerike sykehus i Vestre Viken har ein allereie flytta all urologisk aktivitet til Bærum. Det betyr ein reduksjon i kirurgisk aktivitet på om lag 40 pst. på Ringerike sykehus, og ei dramatisk svekking av heile lokalsjukehuset. Helseføretaket har òg sett i gang ein prosess med såkalla fag- og funksjonsfordeling, der verken akutt- eller fødefunksjonar er skjerma, noko som vil kunna gå ut over lokalsjukehusa, særleg på Ringerike og Kongsberg. På Stord sjukehus har dei nyleg fått svekt tilbodet ved at radiologar ikkje lenger skal gå i vakt. Det er gjort utan at dei tilsette har vorte involverte, og utan at ein har sett på konsekvensane av eit sånt vedtak for resten av sjukehusdrifta. På Tynset vart DPS-en lagd ned 6. mars, og vi ser at nedbygginga av DPS-døgnplassar skjer over heile landet. I Møre og Romsdal varslar føretaket at ein må sjå på strukturendringar. Volda sjukehus vert sett i spel, og det er forslag om nedlegging av døgnplassar ved dei distriktspsykiatriske sentera i Kristiansund og Molde. I Senterpartiet er vi tydelege på at vi ikkje kan godta ei slik bit-for-bit-nedbygging av lokalsjukehusfunksjonar og viktige helsetilbod i distrikta, og tap av breiddekompetanse og beredskap må vi no stoppa. Med bakgrunn i forslaget vil eg ta opp dei forslaga som Senterpartiet har åleine. Utanom det vi har signalisert at vi vil støtta av lause forslag, vil eg varsla at vi subsidiært stemmer for forslag nr. 4, 5 og 9 i innstillinga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat