Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 9. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))

Innlegget

Av og til er det lang avstand frå verkelegheita og inn til Stortinget og til regjeringskontora. Når ein klarer å omtala kuttet i Lærdal som ei gladsak, som ei styrking og ei positiv omstilling, er det langt frå verkelegheita slik alle fall eg oppfattar det. Ein må kunne omtala kutt som eit kutt – eit kutt på 40 årsverk på eit lite lokalsjukehus – sjølv om me kan få nokre polikliniske tenester tilbake, og det må me vera ærlege om. Spørsmålet mitt gjeld Stord sjukehus. Det er eit veldig bra sjukehus, og eg har vore der på besøk og høyrt på dei fagfolka som er der, som er fortvila over at dei no ikkje har radiolog i vakt, men kanskje vil få det to dagar i veka. Dei veit ikkje kva slags dagar det er radiolog til stades ein gong! Ser ikkje statsråden at det er nedbygging av lokalsjukehusfunksjonar f.eks. på Stord?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat