Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))
Innlegget
Her er eg ueinig med statsråden. Det er ikkje nokre justeringar som skjer, som på Stord. Det er ikkje fordi det er vanskeleg å rekruttera. Dei har hatt faste vikarar som har kome til Stord. Ja, det har vore ein vikarstafett, men det har vore faste vikarar som kjenner sjukehuset, som kjenner dei faste andre tilsette, og det har fungert godt. Det var ei ueinigheit, der dei ønskte noka avlasting nokre netter, og det fekk dei ikkje. No er den avtalen òg sagt opp. Vi skal ikkje detaljstyra, men når vi ser at det på veldig mange sjukehus skjer endringar som gjer at breiddekompetansen, lokalsjukehusa og beredskapen vert svekt, og dei kan rekruttera dårlegare, meiner eg vi diverre må gripa inn med forslag. Helst hadde eg sett at statsråden gjekk inn og gav tydeleg beskjed. Ser ikkje statsråden at det betyr ei svekking?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat