Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))
Innlegget
Det er sagt ein del ting i denne debatten som eg vil kommentera. Til Tynset DPS: Det er ikkje uklart kvifor belegget er lågt; det er fordi det i løpet av år er gjort gradvise kutt i tilbodet, sånn at det er vorte usikkerheit om det. Stortinget må ikkje tru at det går 2 000 i fakkeltog på Tynset på grunn av ingenting. Det er jo fordi dette er eit viktig og nødvendig tilbod for den befolkninga. Når ein etter vedtak i Stortinget i vinter om å få ein plan for utvikling av DPS og hindra nedlegging av desse, opplever vedtak etter vedtak om kutt – sånn som på Tynset, men òg no i Møre og Romsdal og i Troms – er det jo ingen politisk styring over det. Dessverre må vi då fremja detaljforslag om igjen på Stortinget. Til det som er vorte sagt om fagleg utvikling, at det er ei fagleg utvikling som skjer, veit vi at veldig mykje av det som skjer, er økonomisk motivert sentralisering, f.eks. vedtaket om å leggja ned ortopedien i Lærdal. I Møre og Romsdal er det no fleire forslag som inneber sentralisering, strukturelle vedtak, kutt i akuttenester og sentralisering av lokalsjukehus til tilboda. Det meiner vi er heilt uakseptabelt. Sjukehusstruktur og desentraliserte tenester må stå fast, og vi fremjar i dag forslag om det. Når statsråden seier at han stoler på helseføretaka, må eg minne om at det i Nasjonal helse og samhandlingsplan, som er det styrande dokumentet, står at helseføretaka skal flytta elektiv verksemd ut og utvikla lokalsjukehusa, og ikkje sentralisera dei. Når statsråden stoler på helseføretaka òg her, når dei faktisk ikkje følgjer opp overordna politikk, er det jo ein spesiell situasjon vi har på helseområdet. Arbeidarpartiet fremjar òg forslag om å utgreia såkalla nærsjukehus med svekt akuttberedskap. Viss det vert ein realitet, klarer Arbeidarpartiet noko som sjølv ikkje Høgre klarte då dei styrte Helsedepartementet, når det gjeld sentralisering av viktige lokalsjukehusfunksjonar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat