Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))

Innlegget

Min korte merknad går på at vi ikkje ønskjer å frysa alle prosessar i norske sjukehus, men vi har stor respekt for at vi ikkje skal setja i gang unødvendige prosessar, fordi det skapar usikkerheit blant dei som jobbar på norske sjukehus. No ventar vi på ein helsepersonellplan, og vi kjem til å mangla veldig mykje helsepersonell i tida framover. Spesialistar og andre som jobbar på sjukehus, er det veldig viktig å behalda. Alle fag- og funksjonsfordelingsprosessar – f.eks. i Vestre Viken og i Helse Møre og Romsdal, som er sette i gang no – gjer at dei som jobbar på sjukehuset, ikkje veit om dei har ein jobb om fire år, om to år, om eitt år. Kvifor skal dei då søkja seg til det sjukehuset, eller kvifor skal dei ikkje søkja seg vekk? Difor er vi kritiske til alle dei fag- og funksjonsfordelingsprosessane norske sjukehus no gjer, som får støtte av regjeringa.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Innlegg · 9. jun 2026 — OverStortinget