Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om å redusere ventetider for utredning, tilpasning og oppfølging av høreapparat (Innst. 413 S (2025–2026), jf. Dokument 8:258 S (2025–2026))
Innlegget
Kjersti Toppe (Sp) [22:27:51] (leiar i komiteen): Eg må òg innrømma at eg òg fekk tatt ein høyrselstest på Eidsvolls plass, og eg høyrde òg veldig bra. Det er eg eigentleg veldig glad for, sjølv om enkelte seier at eg høyrer det eg vil høyra. Så må eg fortelja at eg fekk gleda av å halda eit ei veke gammalt barnebarn på ein høyrselstest på Haukeland universitetssjukehus. Det var ein dobbeltsjekk, ein testa om igjen fordi det var ein test som ikkje var så bra på barselavdelinga. Eg er veldig imponert over kor langt ein er komen. Sjølv på ein bitte liten nyfødd baby kan ein no med instrument og teknologi faktisk finna ut om høyrselen er i orden. Tenk kor bra det er, og kva det har å seia for utviklinga til småbarn at ein oppdagar høyrselstap og høyrselssvikt. Det er mykje, mykje bra som skjer i helsevesenet. Dette forslaget handlar kanskje mest om vaksne og eldre, og eg synest forslaget frå FrP er veldig viktig. Det er utruleg bra at vi får høyrsel og høyrselstap opp på den politiske dagsordenen, for det er eit område som ikkje har hatt den store statusen, samtidig som det er så enormt mange folk i Noreg som anten har nedsett høyrsel eller ingen høyrsel. Det er mykje meir omfattande enn ein trur og det debatten eigentleg gir inntrykk av. Eg takkar FrP for forslaget. Så støttar heller ikkje vi dei enkelte forslaga, fordi vi meiner dei er ivaretatt. Eg vil berre framheva det som òg står i merknader om Hørselsforbundet sitt likepersontilbod. Det er imponerande mange ein hjelper med den ordninga. Eg trur det er eit enormt bra tilbod, for det er eit supplement til det offentlege tilbodet, og det når ut på ein annan måte som det offentlege kanskje elles aldri hadde klart. Eg ser dei har ei 20 pst. auking i aktiviteten i 2025. Dei når ut til over 33 000 ulike oppdrag. Så eg meiner vi må hegna om det tilbodet og gi Hørselsforbundet gode rammer slik at dei kan vidareutvikla det gode likepersonarbeidet som dei gjer, som òg er ein viktig del av høyrselsomsorga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat