Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse og Erlend Svardal Bøe om en bedre oppfølging av foreldre som venter barn med funksjonsvariasjon (Innst. 419 S (2025–2026), jf. Dokument 8:265 S (2025–2026))

Innlegget

Kjersti Toppe (Sp) [22:53:50] (leiar for komiteen): Senterpartiet er glade for å vera med i eit fleirtal som fremjar forslaget om å be regjeringa sikra «etablering av en offentlig finansiert ordning for frivillig likepersonsstøtte for foreldre som venter barn med funksjonsvariasjoner», og at ordninga «skal være drevet av frivillige organisasjoner slik at tilbudet blir tilgjengelig for foreldre som venter barn med funksjonsvariasjoner». Eg meiner dette er på høg tid, og eg synest det er så bra at vi frå Stortingets side kan gjera noko meir for dei familiane som er i ein sånn situasjon, og som ventar – og får – barn med ulike funksjonsvariasjonar. Eg må seia at eg reagerer litt på argumentasjonen for å vera mot dette forslaget, for det er ikkje farleg å gi ein familie i oppgåve å gi andre familiar råd eller svara på spørsmål som dei kan ha. Vi må jo òg ha tillit til familiane, både til den familien som ønskjer svar, og til den familien som har eit barn og da kan dela av sine erfaringar. Det er ikkje slik at det da er den familien som vert ei likepersonsstøtte, som har ansvaret for valet til den andre familien. Vi må jo òg vita at det familiar som kjem i ein situasjon der dei har eit barn med ulike funksjonsvariasjonar, gjer elles, er at dei googlar. Da får dei masse ulike svar, dei har masse spørsmål, og det er masse utryggleik. Det offentlege vil jo ikkje nå desse familiane på den måten dei treng. Samtidig er det offentlege ryggrada, det offentlege skal gi familiar gode råd, oppfølging, rettleiing og tryggleik, og det er ikkje nokon motsetnad mellom det og det forslaget som vi fremjar i dag. Dette er eit supplement. Sjølvsagt er eg og Senterpartiet òg veldig opptatt av å få gode offentlege tenester for desse familiane, men det er veldig bra om vi kan få på plass den ordninga. Det er etterlyst av familiar som har stått fram, og som har bore fram barn med Downs syndrom, og familiar som er i liknande situasjonar, tar kontakt med folk som er kjende gjennom media, og med organisasjonen Downs Syndrom Norge. Det er altså eit behov her, og da synest eg ikkje vi skal vera overdommarar og seia at dette har ikkje familiane godt av, eller at det er farleg for desse familiane. Eg synest dette faktisk er ei gledas dag, og eg er glad for at vi får fleirtal her.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Innlegg · 9. jun 2026 — OverStortinget