Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse og Erlend Svardal Bøe om en bedre oppfølging av foreldre som venter barn med funksjonsvariasjon (Innst. 419 S (2025–2026), jf. Dokument 8:265 S (2025–2026))
Innlegget
Eg trur det er mange som opplever orda frå statsråden som problematiske når ein seier at det er etisk problematisk med ei slik ordning, og difor ville eg utfordra statsråden på akkurat dette. Når statsråden viser til at organisasjonar som jobbar med dette i dag, seier desse orda, så må eg seia at Norges Handikapforbund og Downs syndrom Norge støttar dette representantforslaget. Er ikkje dette organisasjonar som jobbar med dette i det daglege, så veit ikkje eg. Norges Handikapforbund tar òg opp at det er viktig med det offentlege tilbodet. Det er vi heilt einige om, så kvifor denne uviljen mot noko som er så etterlengta, og som eigentleg er så bra? For vi skal berre gi meir erfaringsbasert kunnskap til desse familiane.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat