Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))

Innlegget

Ei undersøking viser at ein av to menn trur dei kunne ha landa eit fly dersom piloten skulle svima av. Kva kategori trur presidenten at representantane Astrup og Stokkebø er i? Ut frå dette forslaget har eg god grunn til å tru at representantane er blant dei som meiner dei hadde teke plass i cockpiten. Kvifor seier eg dette? Jo, fordi representantane Astrup og Stokkebø tilsynelatande meiner at dei veit betre enn Equinor, LO, NHO, Forbundet Styrke, næringsråda og sine eigne ordførarar langs heile vestlandskysten, og dei veit betre enn det nasjonale kompetansesenteret for havvind. Alle desse aktørane åtvarar mot konsekvensane, men representantane frå Høgre meiner dei tek feil. Alle andre enn Stokkebø og Astrup tek feil. Eg er ikkje overraska over FrP. Dei er jo ikkje for klimatiltak, og dei lever i ein draum om ein ny oljeskattepakke – som ingen andre i bransjen har etterspurt. Dei er ikkje for noko prosjekt som kuttar i klimagassutslepp. Det er underhaldande når FrP vil ha ein oljeskattepakke der staten skal ta den største risikoen, men ikkje til havvind, som vil gje investeringar i ny kompetanse og omsette for 60 mrd. kr i 2024. Høgre og Framstegspartiet har gjentekne gonger kritisert regjeringa for for lite framdrift i kraftsaker og for mykje byråkrati, som dei gjorde i sak nr. 1, men i denne saka føreslår dei tiltak som vil skapa meir usikkerheit, meir byråkrati og ytterlegare forseinkingar. Er dette dagen for dei store sjølvmotseiingane? Konsekvensane er dramatiske for ei heilt næring. Eg trur det er lett å sitja i Oslo og fatta vedtak når skatteinntektene kjem frå verdiskapinga på Vestlandet, frå arbeidsplassar ved Aker Stord, kompetanse frå Ågotnes og Austevoll og frå industrien som er bygd opp frå olje og gass gjennom generasjonar. Mitt spørsmål er: Korleis blir det opplevd for Høgre å få fleirtal saman med partia som vil skrota havvindnæringa? Mitt spørsmål til presidenten er: Hadde du sett deg inn på flyet om det var representantane Astrup og Stokkebø som sat i pilotsetet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat