Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og Joel Ystebø om trygghet for mødre i barselomsorgen (Innst. 429 S (2025–2026), jf. Dokument 8:205 S (2025–2026))
Innlegget
Svangerskap, fødsels- og barseltid kan vere noko av det finaste, vakraste og største vi kan oppleve i eit menneskeliv, både som kvinne og som partnar. Samtidig er vi er sårbare, og ein fødsel er noko av det farlegaste ei ung kvinne kan gå gjennom. Difor er tryggleik og høg fagleg kvalitet heilt avgjerande. Heldigvis har vi ei god fødselsomsorg, men det betyr ikkje at den ikkje kan og bør bli betre – for helse er ikkje butikk. Fødselsomsorga er av dei delane som i betydeleg grad har tapt i kampen om helsekroner. Vi ser det ved mange avdelingar. Ikkje minst på Haukeland i Bergen ser vi stadig skrekkeksempel på korleis fødande får altfor kort opphaldstid, og det er for mange samtidige konfliktar. Dette må vi gjere noko med. MDG er sterkt engasjert i å gjere barselomsorga betre der ho ikkje er god nok. Vi ønskjer å styrkje kompetansen innan fødsels- og barselomsorg, styrkje kunnskapen om kvinnehelse og bruke erfaringane frå dei fødande aktivt. Det bør vere ei sjølvfølgje. Førebygging av fødselsskadar er eg som kirurg spesielt oppteken av. Eg har også hatt gleda av å hjelpe ei 40 år gamnal kvinne som var fullstendig inkontinent etter ein fødsel, og sjå både sorga ho har hatt i mange år, og gleda ved å sleppe å leve sånn lenger. Å få lov til å forløyse ei kvinne som har lege lenge i fødsel, å få lov til å gjere eit keisarsnitt og få ut eit barn, er fantastisk og rett og slett noko av den største gleda eg har hatt i karrieren min. Fødselsdepresjon kan verke som eit stort paradoks oppi all denne gleda som skal vere der når ein får eit ønskt barn. Ein skal liksom vere lykkeleg, og så kjem dei vonde følelsane i staden. Det går ut over tilknytinga mellom mor og barn. I verste fall kan ein fødselsdepresjon få ein tragisk utgang. Difor er eg glad for at vi no får fleirtal for å sjå nøye på korleis innsatsen mot fødselsdepresjon kan styrkjast. Opptrening etter fødsel er nødvendig, og for mange vil ein fysioterapeut kunne gje mange nyttige råd som kan hjelpe ein godt på vegen. Det er også anna helsepersonell med kompetanse på opptrening etter fødsel som kan bidra i rettleiing og opptrening. Eg jobbar sjølv med uroterapeutar, som urologar, og veit at dei kan mykje om bekkenbotnen og å rettleie folk nettopp i bekkenbotnstrening f.eks. Det er ikkje lenger nødvendig med tilvising til fysioterapeut. Difor meiner vi forslaget om å sørgje for ei påminning om konsultasjon hos fysioterapeut er godt. Det vil sikre at alle som ønskjer det, får moglegheita. Det er gode grunnar til at ei god fødselsomsorg engasjerer oss. Ei god fødselsomsorg er svært viktig for oss alle og er ein avgjerande del av sjølve livshjulet. Difor kjem vi til å kome tilbake til det gong etter gong. La oss gjere vårt for at vi tek dei kloke vala og let fagfolka tilpasse behandlinga og oppfølginga til det kvinna og barnet treng. Resten av forslaga vil eg kome tilbake til i neste innlegg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat