Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og Joel Ystebø om trygghet for mødre i barselomsorgen (Innst. 429 S (2025–2026), jf. Dokument 8:205 S (2025–2026))
Innlegget
Når ein har vore ute i verda og fått sjå korleis fødselsomsorg er ute, og kor krevjande dette kan vere for mange kvinner, er eg jo takknemleg for at vi bur i det landet vi bur i. Eg vil gjerne få lov til å seie det først. Det betyr som sagt ikkje at det ikkje er mange ting vi kan gjere betre og bør gjere betre. Nettopp no skal eg gå gjennom dei forslaga vi støttar no. Vi støttar litt fleire forslag enn det som ligg i innstillinga. Vi støttar å vurdere om jordmødrer kan få utvida rett til å tilvise i spesialisthelsetenesta og forskrivingsrett for svangerskapsrelaterte medikament, som det står. Men her er det fleire fallgruver som må analyserast godt før ein tek stilling til om ein skal gå vidare, og kva ein skal gå vidare med. Det vil vi kome tilbake til seinare. Det er føreslått å greie ut forløpsfinansiering for å skape meir kontinuitet. Eg ser det som meir hensiktsmessig å behandle dette i samanheng med innstillinga frå helsereformutvalet. Det er viktig å få til betre kontinuitet, og då er nok kommunikasjonen mellom alle hjelparane det sentrale og finansieringa truleg underordna, men vi vel å støtte forslaget likevel og legg til grunn at dette blir integrert med behandlinga av arbeidet til helsereformutvalet. Forslag tre: MDG støttar varmt at éin-til-éin-oppfølging av kvinner i aktiv fødsel skal vere norma. Samtidig er det å feste rettar eit tviegga sverd. Samtidigheitskonfliktar vil gjere at ein må tilsette langt fleire jordmødrer, spesielt på små sjukehus, som igjen vil gje mindre erfaring og vil kunne svekkje kvaliteten i tilbodet. Difor støttar vi intensjonen, men kan ikkje stemme for forslaget. Gratis etterkontroll hos lege eller jordmor er eit tilbod i dag der kvinnene sjølve kan bestemme når det passar, og til kven. Det er og bør vere tilpassa det behovet barselkvinna har. Vi er difor skeptiske til for mykje standardisering, slik eit av forslaga legg opp til. MDG er opptekne av at kvinner som treng det, får vere på sjukehus til amminga når det er behov for det. Vi kjem difor stemme subsidiært for forslaget om liggjetid etter fødsel, som sikrar at barselkvinner kan bli på sjukehus inntil amming er etablert. Her er det også mange moglegheiter for å lage opplegg som gjer kvinna trygg og gjer at ein kan kome tilbake, og det bør vere insitamentet til å få til det i samråd med kvinna, sånn at det blir frivillig, Til slutt meiner vi at alle sjukehus bør vere mor-barn-venlege, og kjem til å stemme for det forslaget òg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat