Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og Joel Ystebø om trygghet for mødre i barselomsorgen (Innst. 429 S (2025–2026), jf. Dokument 8:205 S (2025–2026))

Innlegget

Eg stiller meg litt undrande til Lindtveit Røses oppfatning av at det er nokre spesielle andre rettar knytt til keisarsnitt i forhold til annan bukkirurgi. Etter det eg kjenner til, er det ingen forskjell eller sidestilling. Eg har hatt folk som har gått på jobb same dag som eg har operert dei i buken, så eg forstår ikkje heilt det. Når det gjeld dette med rettsfesting av éin-til-éin-oppfølging, er vi som sagt veldig einige i intensjonen i forslaget, men eg er djupt bekymra for konsekvensane av å rettsfeste. Hadde vi i staden sagt normering ut frå kor mange fødslar ein har i ei avdeling, hadde vi snakka om noko som kunne vore realistisk. Realiteten er at ein kanskje må tredoble bemanninga ved dei minste avdelingane, som allereie har lite erfaring, medan ein ved dei store avdelingane kunne hatt ei avgrensa auke. Å greie ut korleis ein kan dimensjonere, hadde vore eit godt forslag vi kan støtte, og det kan vi sjå på neste gong dette kjem opp.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat