Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Svardal Bøe og Margret Hagerup om bedre tilgang til vaksiner og enklere gjennomføring av vaksinering (Innst. 422 S (2025–2026), jf. Dokument 8:225 S (2025–2026))
Innlegget
For din eigen og dine næraste si helse kan vaksinar vere noko av det aller viktigaste vi kan gjere – og med ein avgrensa innsats. Difor er MDG opptekne av at vi får utvida vaksinasjonsprogrammet til å omfatte fleire nye, anbefalte vaksiner. MDG løfta RS-virusimmunisering inn i budsjettforhandlingane no i vår, men nådde dessverre ikkje fram med vårt krav. Det betyr at vi truleg ikkje får nokon RS-virusbeskyttelse før tidlegast på slutten av virussesongen våren 2027. For denne vaksinen er det temmeleg openbert at det burde vore på plass allereie no i haust, og gjerne – faktisk – året før. Når det blir føreslått automatisk innlemming av vaksinar utanom dei normale budsjettprosessane, er det mykje meir krevjande. Vi bør ha pengar til det vil skal innføre, slik at det ikkje går ut over pasientar som treng det minst like mykje – ja, kanskje meir. At regjeringa somlar med å gå igjennom og forbetre godkjenningsordninga er ei helt anna sak. Det er openbert behov for å få fart på prosessane og ta raskare avgjerder, som er betre fundert i den kliniske verkelegheita. RS-virusbeskyttelse er eit typisk eksempel der dette har gått altfor treigt, og der klinikarane si fortviling ikkje har blitt teke tilstrekkeleg omsyn til tidleg. Når det gjelder forslag nr. 3, som gjeld påminningsordninga, støttar eg intensjonen varmt. Her hadde MDG lagt inn i statsbudsjettet i haust eit forslag om å styrkje ordninga og vidareutvikle løysinga for innkalling til vaksenvaksinasjonsprogrammet, og det er det definitivt behov for. Vi kjem til å støtte dette forslaget, og eg forventar at regjeringa tek tak i dette uansett, og sørgjer for å be om midlar i neste års statsbudsjett, dersom det er behov. Dette kostar ikkje mykje, det er berre å vise handlekraft. Komiteens tilråding blir fremja av medlemane i komiteen frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne. Så gjeld det forslag nr. 7, frå SV og Raudt, om å begynne innfasinga og kome tilbake til Stortinget på eigna måte, og det tenkjer eg er ein sjølvfølge. Eg trur nok regjeringa ville gjere det uansett, men vi synest det er riktig å støtte opp også om dette forslaget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat