Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Bård Hoksrud, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om beskyttelse av spedbarn mot RS-virus (Innst. 415 S (2025–2026), jf. Dokument 8:237 S (2025–2026))
Innlegget
Eg har sjølv tallause gonger behandla alvorleg sjuke barn og skadde og opplevd kva det gjer både med foreldre og oss som helsearbeidarar. Å måtte sjå eit barn døy som vi har jobba for å redde, og sjå kor fortvila foreldra blir, er det tøffaste eg opplever som lege. Å sjå eit hjelpelaust barn på intensivavdelinga med all verdas slangar og respirator er heilt grufullt for nybakte foreldre. RS-infeksjon er ein sjukdom som gjer at 1000–2000 barn leggjast inn årleg, og mange treng også respirator for å overleve. Når vi veit at det finst gode alternativ, er det fortvilande at vi ikkje har fått dette på plass før. At foreldre skal måtte oppleve å sjå det alvorleg sjuke barnet sitt på respirator i dagevis, at barneavdelingane blir overbelasta og helsepersonell fortvilar over å ikkje få gjeve barna så god behandling og pleie som dei kunne ha fått, er heilt unaudsynt. Her har regjeringa ikkje hatt den framdrifta dei burde hatt. Det er trist for alle dei spedbarna og komande foreldra som går ein usikker virussesong i møte. Heldigvis er vi alle einige om at vi treng RS-vern så raskt som råd. Difor er det nesten flaut å late som ørsmå skilnader i dei to forslaga er det det handlar om. Vi er jo eigentleg heilt einige om kva vi skal, og eg synest representanten frå Raudt la dette fram på ein fin måte nettopp. Det er likevel skuffande at Senterpartiet skryter av eit eige vedtaksforslag som kjem heilt utan pengar og inndekking. Det blir ikkje meir virusvern om vi ikkje kan betale for det. Når det kjem utan pengar, betyr det lengre ventetid før vi har det på plass. MDG løfta RS-virusvern i budsjettforhandlingane no fordi vi meinte det var den gode måten å gjere det på. Då kunne vi fått RS-vern allereie i november i år. Diverre nådde ikkje kravet vårt opp i forhandlingane. Det er trist for dei det gjeld, spedbarn og nybakte foreldre, at vi ikkje fekk meir støtte for kravet vårt i forhandlingane – difor står vi her no. Vi vil sjølvsagt ikkje gløyme saka, men tvert imot ta det med oss så vi får det på plass så raskt som råd. No er det på overtid å finne pengane, så vi kan kome i gang med å redde dei som er mest sårbare, frå livstruande RS-virusinfeksjonar. Vi har ikkje råd til å la vere.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat