Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 9. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Bård Hoksrud, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om beskyttelse av spedbarn mot RS-virus (Innst. 415 S (2025–2026), jf. Dokument 8:237 S (2025–2026))

Innlegget

Pålegget frå Stortinget som no får fleirtal, gjer at vi må vente eit år på innføring i praksis, så vidt eg kan sjå. Eg er heilt sikker på at statsråden svært gjerne skulle ha kome i gang allereie no. MDG løfta RS-beskyttelse i budsjettforhandlingane, men no har avtalen landa, diverre utan at vi klarte å få med det. Det er mogleg å leggje til det vesle beløpet som trengst for i år for å vere klar til slutten av november, om regjeringa jobbar hardt, og om det blir einigheit i fleirtalet som står bak budsjettavtalen. Vil statsråden gå ein runde til med Finansdepartementet og regjeringa og kjempe for å få med det som trengst til RS-immunisering i revidert budsjett, så vi kjem i gang i år?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marius Langballe Dalin (Miljøpartiet De Grønne) — Replikk · 9. jun 2026 — OverStortinget