Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Julia Brännström Nordtug, Kristian August Eilertsen, Stig Atle Abrahamsen, Anne Grethe Hauan og Bård Hoksrud om justering av terskelverdien for legemidler (Innst. 416 S (2025–2026), jf. Dokument 8:238 S (2025–2026))

Innlegget

Terskelverdien har stått temmeleg stille i mange år. Samtidig er effekten av å endre terskelverdien kompleks. Det vil openbert vere rom for betydelege tilpassingar i legemiddelindustrien, som gjer at store delar av ein auka betalingsvilje går rett i lomma på ein superlønsam industri, og ikkje kjem pasientane til gode. Skal vi ta gode avgjerder, treng vi eit godt avgjerdsgrunnlag. Her har regjeringa sove i timen. Dei burde ha vore på ballen og sørgt for eit godt kunnskapsgrunnlag som kunne seie noko om effekten av å auke terskelverdien eller å velje andre system for å prioritere. Det er for så vidt kritikkverdig, men no er vi der vi er. Vi står inne i forslag nr. 1, som går ut på å be regjeringa greie ut konsekvensen av terskelverdien. Vi kan ikkje støtte resten av forslaga. Det oppfattar vi er å ta snarvegar, som vi difor ikkje kan støtte. Det er på overtid å jobbe godt med eit kunnskapsgrunnlag og få det ferdig så raskt som råd, men heller ikkje raskare enn det som blir kravd for å få god kvalitet i utgreiinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat