Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))
Innlegget
Eg har som generellkirurg og mangeårig medlem i spesialitetskomiteen vore brennande oppteken av breiddekompetanse og eit godt akuttkirurgisk tilbod ved alle akuttsjukehusa våre, store som små, og eg har besøkt godt over halvparten av dei med spesialitetskomiteen. Breiddekompetanse er noko av det aller mest krevjande ein kan tileigne seg. Det krev betydeleg erfaring. Å bli kjempegod på noko som er veldig lite, er mykje enklare og dessverre det som indirekte blir mest påskjønt. Det er synd, så sånn sett støttar eg varmt overskrifta i dette forslaget. Men så er det ein gong sånn at faglegheit, pasientsikkerheit og kvalitet bør liggje til grunn for dei avgjerdene vi tek, og der begynner det straks å sprikje litt, for det å lure folk i distrikta med eit dårleg tilbod er det siste eg ønskjer – heller ikkje i sentrale strøk, sjølvsagt. Når det gjeld detaljane i forslaget, meiner eg vi heller bør ha eit overordna blikk på helsetenesta, der vi lager tydelege rammer, men overlèt til fagfolk å organisere. Vi er einig i at dagens føretaksmodell må forkastast og erstattast av noko betre, men i påvente av dette kan vi ikkje helle barnet ut med badevatnet. Då blir det detaljstyring med potensielt alvorlege konsekvensar for pasientane. Erfaringa mi, som lege, med detaljstyring frå Stortinget er ikkje god. Det gjev ofte uheldige prioriteringar som rammar pasientane. DPS i Troms har Stortinget teke stilling til før. Det er eit stort behov for å styrkje psykiatrien i Troms, men då er det faktisk døgnplassar ein bør leggje størst vekt på. Her har fagmiljøet sjølv lagt ein plan for dette, og skal denne kunne gjennomførast, er vi avhengige av å samle faglege ressursar. Vi har fått sterke åtvaringar frå fagmiljøet mot å rokke ved den planen som er lagd. Akuttsjukehus treng radiologisk kompetanse i vakt. Dette kan løysast på veldig mange måtar. Vi klinikarar er i dag vande med å gjere ultralyd sjølve, og digitale moglegheiter gjer det lett å få hjelp i sanntid med CT og røntgen sjølv om radiologen er mange mil unna. På Stord har ein til no hatt ein «vikarstafett», som no har sagt opp, og dei har ingen radiologar som kunne ha gått i denne vakta. Eg har fått tydelege åtvaringar mot å gripe inn i ein kompleks lokal prosess. Det kan gjere vondt verre for Stord sjukehus. Når det gjeld Ringerike og urologi, så er urologi faget mitt, og vi meiner vi bør strekkje oss langt for å få urologiske tenester på Ringerike, med poliklinikk og gjerne dagkirurgi og nyresteinskirurgi. Eg har ikkje fått ei einaste tilbakemelding frå urologar om dette, men vi trur ikkje at vi på Stortinget er dei rette til å detaljregulere urologien i Buskerud ved å insistere på status quo, det kan gjere vondt verre. Resten får eg kome tilbake til i neste innlegg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat