Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))
Innlegget
Eg legg til grunn at når vi kjem til å stemme for å vurdere å oppretthalde delar av urologitilbodet ved Ringerike sjukehus og vurdere å desentralisere fleire pasienttilbod til lokalsjukehuset, så tek statsråden dette på største alvor. Ein skal sikre både nærleik til tenester og gode fagmiljø. Det er dei som har skoa på, som er best til å vurdere. Vi meiner det er for stor grad av gjenbruk av helseleiarar med altfor mange som har stor avstand frå og lite forståing for den jobben helsearbeidarane gjer kvar dag. Difor treng vi fleire helseleiarar med fersk erfaring frå å jobbe med pasientar og større mangfald. Likevel kan vi ikkje støtte forslaget frå FrP, for kva med å ha styreverv i Aleris? Kva med å ha andre forskjellige bakgrunnar? Forslaget er for dårleg gjennomarbeidd og manglar nødvendig utgreiing. I siste sving kjem det også fleire forslag frå Senterpartiet og FrP om å fryse situasjonen som han er i Møre og Romsdal. Dette er forslag som det er vanskeleg å ta stilling til på kort varsel blant mange andre saker. Eg legg til grunn at regjeringa kjem tilbake til Stortinget på eigna måte dersom det blir planlagt større strukturelle endringar i Møre og Romsdal, og at regjeringa vil følgje opp forslaget frå Høgre, som truleg får fleirtal, om å setje fart på utgreiinga og styrking av DPS nasjonalt. No må Møre og Romsdal få ro til å vurdere kva for nokre tiltak som totalt sett vil gje det beste tilbodet til pasientane i fylket. Eg kan berre seie det med ein gong: Vi vil vere imot fleire av forslaga eg registrerer er til vurdering, men la dei no få lov til å sjå på dette i ro og ikkje forskotere vurderinga av tiltaka før dei er greidde ut. Detaljstyring av helseføretaka frå Stortinget er ikkje ein eigna måte å sørgje for best mogleg tilbod til pasientane på. Ein skulle tru ein har gløymt kva hensikta med å greie ut endringar er: nettopp å gje det gode tilbodet. I staden risikerer vi at Stortingets uforstand gjer at pasientbehandlinga blir svekt. Det som ikkje trengst, er jo nettopp ostehøvelkutt som følgje av denne typen forslag. Det er dårleg bruk av helsekronene. Eg nemner at vi står inne i fleire forslag, sju og åtte, blant anna, med innspel til helsereformutvalet, blant anna for å sikre finansiering og kvalitet ved lokalsjukehusa.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat