Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om å redusere ventetider for utredning, tilpasning og oppfølging av høreapparat (Innst. 413 S (2025–2026), jf. Dokument 8:258 S (2025–2026))

Innlegget

Det er seint, og eg skal berre kort gjere greie for stemmegjevinga. Høyrselstap kan utvilsamt vere eit stort handikapp. Mange med sterkt nedsett høyrsel kan bli sosialt isolerte. Dette kjenner eg godt frå eigen nær familie. Det er nok litt arveleg, så eg må nok rekne med å hamne i same kategori sjølv om ikkje så mange år. Høyrselshjelpemidlar er utvilsamt noko som kan få menneske ut av isolasjon og inn igjen i samfunnet. Vi er sjølvsagt for å kutte ventelister og gjere dette lettare tilgjengeleg. Når vi stemmer ned FrP sine forslag i denne saka, handlar det om at vi meiner vi bør behandle denne saka heilskapleg i samband med helsepersonellplanen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat