Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))
Innlegget
Noreg har i hundreår hatt eit næringsliv som har vore verdsleiande på sjø og hav, og som dei siste åra også har betydd ei eventyrleg offshore- og oljehistorie. Over år har likevel næringslivet langs kysten omstilt seg i møte med ny teknologi og nye utfordringar. Norsk økonomi og kystindustri står no ved eit nytt slikt vegskilje. Skal vi fortsetje i eit spor der vi legg alle egga i ei korg, nemleg oljenæringa, eller skal vi byggje opp ei anna næring, som også byggjer på fortrinnet med den langstrakte kysten vår og dei store havområda, nemleg havvind? Det er det denne saka handlar om. Andre land med kyststripe gjer nemleg det, dei sett inn store midlar for å posisjonere seg og landet sitt, næringslivet sitt og sikre arbeidsplassar gjennom storstilt havvindutbygging. Det er ikkje berre påfallande og eit paradoks, det er direkte urovekkjande at då eg sist besøkte Akers verft på Stord, var det ikkje norske havvindprosjekt som sikra arbeidsplassane, det var kanadiske og amerikanske havvindprosjekt. Ein seier at denne saka berre handlar om kostnadskontroll og ei utgreiing, men ho blir støtta av parti som vil stoppe heile havvindsatsinga. Mens Høgre snakkar på inn- og utpust om føreseielegheit for næringslivet, er dette det motsette. Dette er oppskrifta på uføreseielegheit for næringslivet. Det som er frykta mi i denne saka, er at konsekvensen ikkje berre er at havvindsatsinga blir så usikker og så uførseieleg at alle havvindselskapa forlèt Noreg og vender seg til andre land, men det er konsekvensen som skjer når det verkeleg går opp for Arbeidarpartiet, Høgre og Frp at verfta våre manglar oppdrag, og næringslivet manglar kraft. Vi veit at ein ikkje treng konsekvensutgreiing i denne salen for, over bordet, å løyve ei oljeskattepakke på 68 mrd. kr, ei oljeskattepakke både den noverande og den førre statsministeren i ettertid har sagt blei altfor stor. Eg er også svært bekymra for konsekvensen av vedtaket som Raudt og Frp no støttar, er eit massivt press på vindkraftutbygging på land. Det er det vi risikerer når Arbeidarpartiet og Høgre finn saman i panikken over manglande kraft til industrien. Langs heile vestlandskysten ligg det føre planar om vindkraftanlegg på dei flottaste fjella og i den finaste kystnaturen, som vi foreløpig har klart å stanse, fordi det er planar om å byggje ny fornybar energi gjennom havvind. Blir havvindsatsinga skrota, vil desse partia og fleire samle seg om eit massivt press på stortilt utbygging av vindkraft på land. SV og Raudt har stått saman i motstanden mot utbygging av vindkraft på land langs kysten av Noreg, men dette vedtaket som blir fatta i dag, gjer at ein i staden for å stoppe eit havvindprosjekt, risikerer å setje verkeleg fart på vindkraftutbygginga. Det er det motsette naturen og klimaet treng no.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat