Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))

Innlegget

Landet vårt treng meir kraft, kysten vår treng meir industri. Frå Agder til Vestland står verft, leverandørindustri, fagarbeidarar og lokalsamfunn klare til å satse på havvind. I dag skapar Høgre usikkerheit om den satsinga, usikkerheit om kraft og usikkerheit om arbeidsplassar. 30 aktørar frå næringslivet, frå fagrørsla og frå maritime miljø varslar at Høgre med deira forslag i dag kan velte heile Utsira Nord, at dominoeffekten kan bli alvorleg langs heile kysten. Eg trur ein skal tenkje litt på det når ein har eit forslag som i all hovudsak berre blir tilflokka og tiljubla av parti som ønskjer å stikke kniven inn i havvindsatsinga. Er det verkeleg då ei sikring, eller er det ein dolk? Påskotet til at Høgre har vore så usynleg det siste halvåret, har vore at dei har reist rundt for å lytte. Har dei lytta til næring og industri? Har dei lytta til sin eigen Høgre-ordførar, Monika Lindanger i Tysvær, som seier at dette vil skape usikkerheit og i verste fall kan velte heile det flytande havvindprosjektet Utsira Nord, og setje satsinga utanfor Rogaland i sin heilskap i spel? Har dei lytta til ho? Stortinget har allereie behandla støtteordninga for Utsira Nord. Vi har vedteke rammene, ESA har godkjent ordninga, konkurransen er i gang, området er tildelt og Noreg har bedt næringane om å satse. Då blir det litt useriøst å kome i runde to og spenne krokfot. Vi har levd av havet før – av fisk, av frakt og energi. No ser vi vinden inn frå sør gjev oss arbeid og ny industri. La oss byggje havvind og la oss satse, er rop frå næring og arbeidsfolk, men med Høgres forslag kan det kollapse, dei kallar det for sikring, men hold ein dolk. Noreg treng meir kraft, kysten vår treng meir industri. I dag er ein mørk dag for begge delar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat