Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frøya Skjold Sjursæther, Ingrid Liland, Margit Bye, Siren Julianne Jensen og Oda Indgaard om en helhetlig plan for mer arealvennlig utbygging av landvind (Innst. 397 S (2025–2026), jf. Dokument 8:261 S (2025–2026))
Innlegget
Halvparten av Noregs energiforbruk er framleis fossilt. Om arbeidsplassane skal skapast, og om landet vårt skal lykkast, treng vi meir kraft. Det handlar òg om beredskap. Då kjem vi ikkje utanom at vi treng å produsere meir fornybar energi. Så veit alle som har jobba med dette, anten på Stortinget eller ute i kommunane, at det å byggje ut fornybar energi, er ei seriøs avveging mellom ulike omsyn. Det finst ingen snarveg rundt det. For Arbeidarpartiet er det viktig både at vi klarer å byggje meir kraft, og at vi ivaretek dei fundamentale lokaldemokratiske prosessane. Det gjer at eg er veldig glad for at det har blitt eit veldig sterkt fleirtal i Stortinget om fleire viktige forslag. Eg synest det har vore eit solid samarbeid mellom MDG, Arbeidarpartiet, Venstre og Høgre – eg trur òg i Senterpartiet – i potensielt alle sakene. Det synest eg er ein styrke i ei sak som elles har vore litt betent og av og til kan vere litt splittande. Her ber ein regjeringa prøve å finne ut korleis dei lokale avgjerdene til fornybarprosjekt kan byggjast på eit tilstrekkeleg relevant og nøytralt kunnskapsgrunnlag på ein god nok måte. Det trur eg er viktig: å få fakta på bordet før tommelen går opp eller ned på vegen vidare. Det òg eit ønske om å få naturrekneskap, finne ut korleis ein klarer å ivareta den totale balansen. Til sist er det òg eit punkt vi har fleirtal på, om å sjå korleis kommunane kan få større føreseielegheit i kva pengar dei får tilbake for det når dei set lokal jord til dispensasjon for fornybar kraftproduksjon. Det handlar ikkje berre om tall i eit budsjett, det handlar om føreseielegheit for eldreomsorg, skule og tenester i kvardagen til folk som bur der. Med det håpar eg òg at vi etter kvart kan prøve å ta energidebatten i eit litt rolegare spor, med litt meir innestemme. Ja, det skal engasjere med både energi og natur. Det skulle berre mangle. Men vi kjem lengst når vi snakkar om kvarandre som at vi vil få til noko bra, og ikkje som fiendar, som ein gjer i mange andre land. Det håper eg at vi kan bidra til med desse vedtaka. Eg synest samarbeidet har vore godt. Eg håper vi saman no kan leggje til rette for at det i Noreg blir bygd meir energi som er fornybar, for sanninga er at halvparten av energiforbruket i Noreg framleis er fossilt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat