Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Larsen, Erlend Wiborg, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Frank Edvard Sve, Bengt Rune Strifeldt, Dagfinn Henrik Olsen og Hilde Grande om verdensarv og næringsutvikling (Innst. 316 S (2025–2026), jf. Dokument 8:164 S (2025–2026))

Innlegget

Eg er nok ganske sikkert absolutt den einaste i denne salen – eller på dette huset, for den saks skuld – som har teke imot ein verdsarvstatus. Det gjorde eg som ordførar på vegner av Stranda kommune og Geirangerfjorden den 14. juli 2005 i Durban i Sør-Afrika. Det er den største tabben eg har gjort i mitt liv. Det skulle aldri ha skjedd, for dei føresetnadene og det grunnlaget vi vart førespegla av å få ein verdsarvstatus, har ikkje vist seg å verte det som vi fekk fortalt frå regjeringa den gongen. Det har altså vorte nei, nei og nei i alt som er – alle område som lokalsamfunn er heilt avhengige av å kunne ha, for å kunne bu der. Korleis er verdsarvområdet Geirangerfjorden vorte til? Jo, det har vore gjennomført i generasjonar gjennom bruken av vern og vern gjennom bruk. Det er ikkje Geiranger sentrum, eller fjella, eller Raudbergvika, som ligg utanfor verdsarvområdet, eller oppe i Flydalen, der ein ønskjer å byggje kraftverk – det er ikkje det som er grunnlaget for at vi fekk verdsarvstatus. Nei, det er to kriterium for å bli innskrive: Det er det fantastiske fjordlandskapet, som er heilt unikt i verda, og det er det geologiske grunnlaget som har skapt den fjorden. Då er det så greinlaust når statsforvaltaren og riksantikvaren har motsegner mot at ein legg ut nokre flytebryggjer i Geirangerfjorden og nokre ladeanlegg for å imøtekoma dei krava som staten og statsråden har gjeve knytt til nullutslepp i Geirangerfjorden. Korleis skal vi klare å innfri dei krava då, når vi ikkje får leggje ut flytebrygger og dei ladestasjonane for å kunne ha nullutsleppsbåtar inne i fjorden der? I eit morass i Raudbergvika, eit gammalt gruveområde som slettes ikkje ser noko særleg fint ut, og som ligg utanfor verdsarvområdet, der skal ein ikkje kunne klare å utnytte det – og sannsynlegvis lage det betydeleg finare enn det er i dag. Nei, utanfor verdsarvområdet er det umogleg. Kraft i Geiranger for å få nullutslepp – nei, det får ein ikkje. Ein får blankt nei til alle kraftanlegg som ligg i område som slett ikkje har noko med kriteria for innskriving til verdsarvområdet. Der må både statsråden og regjeringa verkeleg ta seg saman. Det er ein så stor hemsko for lokalsamfunnet at det går ikkje an å ha det sånn. Difor har debatten også vore å gje tilbake heile verdsarvstatusen, men det er jo ikkje mogleg. Dette dreier seg ikkje om at det er nokon som er imot verdsarven. Det er ingen som er imot å ta vare på området, men vi må aldri gløyme at i 1900 var det 100 cruiseskip inne i Geiranger. Det har aldri vore så reint i den fjorden som det er per i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat