Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Larsen, Erlend Wiborg, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Frank Edvard Sve, Bengt Rune Strifeldt, Dagfinn Henrik Olsen og Hilde Grande om verdensarv og næringsutvikling (Innst. 316 S (2025–2026), jf. Dokument 8:164 S (2025–2026))
Innlegget
Dessverre ser det ut som omtrent halve salen ikkje har forstått eit kvekk av kva denne saka eigentleg dreier seg om. Det det dreier seg om, er at ein ikkje er imot verdsarvområde, ein er ikkje imot å ta vare på område. Eg har sete i kommunestyret i snart 30 år, og eg sit framleis der, og den lokale forvaltinga har til punkt og prikke følgt opp verdsarvforpliktingane – og kanskje gått langt over også. Lokalbefolkninga ønskjer det sjølvsagt også. Utfordringa er at når det f.eks. er pålagt nullutsleppskrav for cruise- og båttrafikken, får ein ikkje rammevilkåra eller grunnlaget for å kunne innføre det. Det vil altså seie at ein ikkje får moglegheit til å få straum inn dit. Straum til Geiranger vil koste 1 mrd. kr, det har både Tussa og andre lagt til grunn, fordi ein ikkje får byggje kraftverk som ikkje ligg til grunnlaget til verdsarvområdet. Ein får altså nei til kraftverk, og ein får heller ikkje straum. Eg har stilt spørsmål til tidlegare olje- og energiminister om det, og det er eigentleg totalt umogleg. Møre og Romsdal fylke, i lag med Fjord kommune og Stranda kommune, har søkt staten om ein kraftig kompensasjon når det gjeld både straum og ei rekkje andre område, for å ta vare på verdsarvområdet. Blant anna gror heile området att fordi kulturlandskapet ikkje vert beita. Ein ønskjer å byggje ein fellesfjøs for å få beite i heile området. Ein får nei når det gjeld å få oppdrettsanlegga på land – og det er i alle fall ikkje korrekt at det er fare for utslepp når ein flyttar lakseoppdrettet på land, inn i fjellet. Eg har vore laksefiskar heile livet mitt, og eg fiskar mykje i fjorden. Dette ville vore betydeleg betre for fjorden og fjordlandskapet på sjøbotnen enn om oppdrettsanlegga er i fjorden. Her er det ei rekkje område der vi ønskjer å leggje til rette for å ivareta denne verdsarvstatusen, men då må staten faktisk stille opp for oss og gjere oss i stand til å gjennomføre det. Det er det spesielt representanten frå Sosialistisk Venstreparti ikkje i det heile har skjønt. Det er ikkje snakk om å prøve å øydeleggje naturen eller noko slikt. Det er ikkje snakk om at vi ikkje tek inn over oss dei krava som er stilte til oss, men vi er ikkje i stand til å gjennomføre det. Det vil koste så enorme summar at ingen av oss er i stand til det. Kommunen kan ikkje lage straumtilførsel til Geiranger til 1 mrd. kr. Det er umogleg, det skjøner garantert representanten frå Sosialistisk Venstreparti – moglegvis. Eg vil gjerne spørje statsråden – eg ser han har teikna seg på talarlista: Kan staten vere villig til å bidra til lokalsamfunnet om det f.eks. vert søkt om ein fellesfjøs for å få beita? For å kunne få beita kulturlandskapet må det dyr inn i terrenget. Det har det vore jobba med lenge, men ein møter veggen på mange område. Dette er eit konkret tiltak som ville hjelpe veldig på å ivareta kulturlandskapet betydeleg betre enn i dag. I dag gror det att.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat