Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Larsen, Erlend Wiborg, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Frank Edvard Sve, Bengt Rune Strifeldt, Dagfinn Henrik Olsen og Hilde Grande om verdensarv og næringsutvikling (Innst. 316 S (2025–2026), jf. Dokument 8:164 S (2025–2026))

Innlegget

Til representanten frå SV: Eg treng ikkje å vurdere å vere lokalpolitikar, eg er lokalpolitikar, eg sit i kommunestyret. Eg sit òg i fylkestinget. Så sånn er det. Så vil eg skryte litt av statsråden, for han har faktisk gjeve dispensasjonar for båttrafikk i fjorden inntil straum kjem på plass. Det er veldig godt jobba, det er sånn ein må handtere det. Dessverre er det no masse motsegner frå både statsforvaltaren og Riksantikvaren som forverrar moglegheitene for å få på plass ladeanlegg. Det kan fort hende statsråden er nøydd til å utvide dei dispensasjonane. Eg synest likevel statsråden har handtert dette på ein ryddig og ordentleg måte sidan det har teke lengre tid å få på plass ladeanlegg. Det er sånn ein må handtere det mellom lokalt og sentralt, og det håpar eg statsråden òg vil bidra med vidare i den vanskelege saka det er å få på plass straum til det området.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat