Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad og Geir Inge Lien om en helhetlig og langsiktig maritim strategi (Innst. 426 S (2025–2026), jf. Dokument 8:268 S (2025–2026))

Innlegget

Noreg er ein leiande maritim nasjon. Langs heile kysten skapar den maritime næringa arbeidsplassar, eksportinntekter, teknologiutvikling og verdiskaping, men den maritime næringa er òg noko meir enn det. Ho er avgjerande for den delen av Noregs beredskap og nasjonal tryggleik. I ei tid med aukande geopolitisk uro, meir utryggleik i verdshandelen og større press på forsyningslinjer vert den maritime kompetansen vår endå viktigare. Norske sjøfolk, norske skip, norske verft og norske maritime miljø er ikkje berre ei næring, det er i ein strategisk nasjonal ressurs. Det er nettopp difor Senterpartiet tok initiativ til dette representantforslaget. Vi meiner at Noreg treng ein heilskapleg og langsiktig i maritim strategi, forankra i Stortinget, som ser heile den maritime verdikjeda samla, og det er viktig. Det er ei næring som sjølv har etterlyst ein slik strategi. Dei etterspør langsiktigheit, føreseielegheit og brei politisk forankring. Dei peikar på behovet for å styrkje rekruttering, kompetanse, beredskap og investeringar langs heile kysten, ei samla næring frå reiar til sjømann. For det held ikkje til å ta dette stykkevis og delt. Vi kan ikkje diskutere sjøfolk ein plass, verft ein annan plass, beredskap ein tredje plass og grøn omstilling på den fjerde plassen, som om dette ikkje heng i hop. Heile styrken til Noreg som maritim nasjon er nettopp samspelet mellom sjøfolk, reiarlag, verft, leverandørindustri, teknologimiljø og kystsamfunna våre. Å få på plass ein breitt forankra strategi handlar om at Noreg skal fortsetje å vere ein leiande maritim nasjon. Det er viktig for verdiskapinga langs heile kysten og for tryggleik og beredskap. Viss vi mistar norske sjøfolk, viss skip flaggar ut eller kompetansemiljø forsvinn, mistar vi òg kapasitet og kontroll som kan vere avgjerande i ein krisesituasjon. Det burde eigentleg vore brei einigheit om dette. Særleg oppsiktsvekkjande er det at Framstegspartiet vel å stoppe dette forslaget i lag med Arbeidarpartiet. FrP snakkar ofte varmt om beredskap ved kysten og norsk konkurransekraft, men når næringa sjølv etterlyser ein heilskapleg og langsiktig strategi for å sikre nettopp dette, stemmer altså FrP nei. Senterpartiet ønskjer å lytte til næringa. Eg tar opp forslaget frå m.a. Senterpartiet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat