Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Inge Lien, Geir Pollestad og Siv Sætran om kompensasjonsordning for bedrifter utan høve til omstilling (Innst. 405 S (2025–2026), jf. Dokument 8:198 S (2025–2026))
Innlegget
Dette handlar eigentleg om noko ganske enkelt – vi kan ikkje straffe bedrifter for ikkje å gjere noko dei faktisk ikkje har moglegheit til å gjerne noko med. Det er bakgrunnen for at Senterpartiet tok initiativet til dette representantforslaget. Vi ser stadig fleire bedrifter vert pressa frå fleire kantar samtidig. CO2-avgifta aukar, men krafta, nettet og alternativa dei treng for å omstille seg, er ikkje på plass. Då meiner eg det er på tide at vi stiller eit heilt grunnleggjande spørsmål: Er dette rettferdig? Vi snakkar mykje om omstilling i denne salen. Det skal vi òg gjere. Norsk næringsliv skal kutte utslepp og ta del i det grøne skiftet. Men omstilling kan ikkje svekkje norske bedrifters konkurransekraft, og det må vere mogleg i praksis, ikkje berre på papiret. Rundt omkring i landet finst det bedrifter som ønskjer å leggje om drifta. Dei vil investere, dei vil kutte utslepp, men dei får beskjed om at det ikkje finst nettkapasitet. Dei får ikkje krafta dei treng, elles er kostnadene så store at det ikkje er realistisk å gjennomføre tiltaka på kort sikt. Likevel kjem avgiftene. Vartdal Plast og Hofseth i Møre og Romsdal er gode eksempel på dette. Bedriftene kan få ei avgiftsbelasting i titals millionar-klassen årleg og dei komande åra samtidig som dei manglar tilgang på straum. Det gjer det umogleg å elektrifisere produksjonen. Det er ikkje fordi dei ikkje vil omstille seg, det er fordi infrastrukturen ikkje er på plass. Senterpartiet føreslår ikkje å fjerne CO2-avgifta, vi føreslår heller ikkje eit generelt fritak. Det vi ber om, er at regjeringa kjem tilbake med ei ordning for dei bedriftene som ikkje har ei reell moglegheit til omstilling i dag anten fordi krafta manglar, nettet er fullt eller kostnadene er urimelege for å byggje ut kapasitet og nett. Forslaget er både moderat og ansvarleg. Det er difor overraskande at ikkje Høgre i alle fall vert med på å stemme for dette, det som skal vere eit næringsparti. For Senterpartiet handlar dette om meir enn avgifter, det handlar om arbeidsplassar, om lokalsamfunn og om industri som ein skal byggje opp gjennom generasjonar. Klimapolitikken må ha legitimitet blant folk. Då må ein også oppleve han som rettferdig og mogleg å gjennomføre i praksis. Det vert ikkje gjort med slike verkemiddel som er her i dag. – Dermed tek eg opp forslaget Senterpartiet har saman med andre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat