Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 10. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Inge Lien, Geir Pollestad og Siv Sætran om kompensasjonsordning for bedrifter utan høve til omstilling (Innst. 405 S (2025–2026), jf. Dokument 8:198 S (2025–2026))
Innlegget
Eg høyrer ministeren er positiv til og har trua på at bedriftene skal kunne omstille seg, og det trur eg faktisk bedriftene ønskjer av heile sitt hjarte. Eg vil dra fram Vartdal Plast, som vart nemnt i denne saka som eit eksempel. Det manglar linjer, det manglar kapasitet, og dei er nøydde til å bruke gass for å ha produksjon, men dei ønskjer seg mest av alt å verte elektrifisert. Dei har vorte sette i ein kinkig situasjon. Dei må no bruke nokre titals millionar i året på å betale ei avgift som går rett inn i kassa til staten, som ein skatt, og ikkje går tilbake til bedrifta eller til å byggje infrastruktur. Måten CO2 avgifta er innretta på i dag, er som ein direkte skatt til staten og ikkje meint for å hjelpe næringslivet til å nå måla som dei ønskjer. Når Vartdal Plast no brukar desse midla, kan ministeren tenkje seg at midla dei brukar, kan dei få tilbake til å byggje ut nettkapasiteten som dei er avhengige av for å omstille seg?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat