Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. jun 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Inge Lien, Geir Pollestad og Siv Sætran om kompensasjonsordning for bedrifter utan høve til omstilling (Innst. 405 S (2025–2026), jf. Dokument 8:198 S (2025–2026))

Innlegget

Det er utruleg viktig for denne bedrifta. Dei har nemnt sjølv i lokalavisa at dei kanskje må flytte bedrifta fordi dei ikkje har moglegheit til å konkurrere innanfor desse vilkåra. Difor er det veldig urimeleg at dei skal betale den typen avgift, som vert som ein skatt, og ikkje skal få moglegheit til å utvikle bedrifta vidare framover. Det er klart at for dei er det utruleg viktig no å finne ut når nett kan kome på plass. Eg vil anbefale ministeren å ta seg ein tur opp og besøke Vartdal Plast og høyre på utfordringane. Anleggsbidrag er kostbart. Det å få kablar over fjorden eller å få lagt ei nødvendig linje verkar som at er langt oppe og framme. På vegner av bedrifta Vartdal Plast: Kan ministeren, når han er så offensiv i forhold til regjeringa, gå ut og love at det vil kome ei snarleg nettlinje på plass i samarbeid med at bedrifta og staten tek ansvaret sitt i så måte?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat