Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. jun 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Inge Lien, Geir Pollestad og Siv Sætran om kompensasjonsordning for bedrifter utan høve til omstilling (Innst. 405 S (2025–2026), jf. Dokument 8:198 S (2025–2026))

Innlegget

Eg høyrer kva ministeren seier, og det er klart at dette er viktig for Vartdal Plast og fleire bedrifter langs kysten, som manglar nett og kapasitet til å få moglegheit til å omstille seg. Dei ønskjer det av heile sitt hjarte. Det som vert viktig, er at det er føreseieleg. Ei sånn avgift for Vartdal Plast løper ut i timillionarsklassen årleg. Ho vil ta frå dei ei viktig konkurransekraft. Spørsmålet mitt til ministeren vert då om ikkje ministeren ser at når staten tek inn i ei sånn avgift, som går rett til statskassa, vert ho fungerande som ein skatt og er eigentleg ikkje med på å kunne utvikle Noreg til å verte grønare, kunne utvikle bedrifta til å kunne ta den omstillinga som er nødvendig. Vil ministeren kunne sjå på innretninga, altså korleis CO2 avgiftene vert dregne inn, og om det kan vere mogleg å gjere det om til å vere treffande og ført tilbake til å gjere bedrifta grønare?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat