Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Inge Lien, Geir Pollestad og Siv Sætran om kompensasjonsordning for bedrifter utan høve til omstilling (Innst. 405 S (2025–2026), jf. Dokument 8:198 S (2025–2026))
Innlegget
For det første er det næring. Eit sterkt Noreg krev sterkt næringsliv i heile landet. Men i dag møter mange bedrifter rammevilkår som gjer det vanskeleg å skape arbeidsplassar, ikkje lettare. Lat meg nemne eit konkret eksempel som eg har nemnt før i dag, Vartdal Plast. Dette er ei hjørnesteinsbedrift som i generasjonar har levert emballasje som er heilt avgjerande for norsk fiskerinæring og dermed òg for norsk eksport. Dei produserer nødvendige produkt som sikrar kvalitet, matsikkerheit og sporbarheit. Likevel rammast dei no av ei avgjerd som ikkje skil mellom miljøskadeleg eingongsplast og nødvendig emballasje som kan gjenvinnast og inngå i sirkulære system. Det er meir skuffande at Høgre ikkje støttar våre forslag for å rette opp i dette. Vi føreslår ikkje å fjerne miljøpolitikken. Vi føreslår å gjere han smartare og meir treffsikker og sørgje for at norske arbeidsplassar ikkje vert svekte av dårleg utforma ordningar. Slik avgiftene er innretta i dag, er det i realiteten ein skatt, ein skatt på norsk industri, ein skatt på norske arbeidsplassar, ein skatt som gjev utanlandske aktørar eit konkurransefortrinn og til og med andre norske bedrifter. Det er verken ein god næringspolitikk eller ein god miljøpolitikk. For det andre er det beredskap. Beredskap handlar også om evna til å produsere det vi treng i Noreg i framtida og i krisetid. Når vi svekkjer norsk industri, svekkjer vi òg vår eigen beredskap. Bedrifter som Vartdal Plast er ein del av industristrukturen som held verdikjeda vår i gang. Dei leverer produkt som fiskerinæringa er heilt avhengig av. Difor må vi byggje opp igjen beredskapslager og slik sikre matberedskap og sørgje for at kraftberedskap toler både uvêr og uføreseielegheit. Eit land som ikkje produserer nok, står sjølv svakare når krisa kjem. Næring og beredskap heng tett i hop. Når vi legg byrder på bedrifter som Vartdal Plast, legg vi samtidig byrder på fiskerinæringa, på eksporten og på lokalsamfunn som er heilt avhengige av arbeidsplassane. I Senterpartiet vil vi byggje eit Noreg som står støtt. Vi må ha sterke lokalsamfunn, eit konkurransedyktig næringsliv og ein beredskap som faktisk fungerer. Vi ønskjer å byggje ut infrastrukturen. Vi skal stå i hop om nett og nettkapasitet, men før den tida, når ikkje det er på plass, kan vi ikkje slå føtene under bedriftene våre som ikkje har tilgang på straum.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat