Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Noregs fiskeriavtalar for 2026 og fisket etter avtalane i 2024 og 2025 (Innst. 276 S (2025–2026), jf. Meld. St. 5 (2025–2026))
Innlegget
Harry Valderhaug (KrF) [12:44:39] (ordførar for saka): Vi legg no fram innstillinga frå næringskomiteen om Noregs fiskeriavtalar for 2026 og fisket etter avtalane i 2024 og 2025. Som saksordførar vil eg takke komiteen for – sedvanleg – godt samarbeid. Noreg er ein havnasjon. Det er ikkje berre eit ord vi bruker i festtalar. I 2025 eksporterte vi villfanga fisk for 48,1 mrd. kr. Det er ny eksportrekord. Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane er anslått til om lag 85 mrd. kr. Bak desse tala ligg eit internasjonalt avtaleverk som komiteen samla stiller seg bak. Vi deler rundt 90 pst. av fiskeriressursane våre med andre land. Difor er desse avtalane avgjerande, ikkje berre for verdiskapinga og arbeidsplassar langs kysten vår, men for sjølve grunnlaget for berekraftig forvaltning. Eg kjem frå ein fiskerikommune som heiter Giske – utan samanlikning med han som sit i salen. Eg vaks opp med fiskerinæring, og i ordførarjobben har eg hatt gleda av å jobbe tett med fiskerinæringa. Hos oss i Giske kommune er ikkje fiskeriavtalane eit dokument som ligg i ein skuff på Stortinget. Det er dei som avgjer om det er arbeid på fiskemottaket og i filetfabrikken, og om ungdomane har ei framtid heime i kommunen sin. Sunnmøre lever av havet, og det kan vi også seie om andre delar av kysten vår. Kristeleg Folkeparti har alltid vore eit kystparti. Berekraftig forvaltning av fiskeriressursane og trygge rammevilkår for dei som lever av havet, er noko av kjernen i politikken vår. Det er difor denne meldinga betyr noko for oss. Så vil eg nemne nokre utviklingstrekk frå tal og produksjon. Torskekvoten i Barentshavet er redusert med 16 pst. Når det gjeld makrell, tilrådde ICES ein dramatisk reduksjon på 70 pst., og etter firepartsavtalen mellom Noreg, Storbritannia, Færøyane og Island er reduksjonen no på 48 pst. For NVG-sild er totalkvoten auka med 33 pst., og eg kunne ha ramsa opp fleire ting. Til sist vil eg nemne at komiteens fleirtal, der KrF er med, har ein merknad om EU si rolle i forhandlingane. Dette med sjølvråderetten over eigne midlar er veldig sentralt, og det er viktig i denne saka å få fram at den nasjonale sjølvråderetten over eigne ressursar ikkje er til forhandling.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat