Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2026

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Ida Lindtveit Røse og Jorunn Gleditsch Lossius om helhetlige næringspolitiske rammer for ideelle gjenbruksaktører (Innst. 435 S (2025–2026), jf. Dokument 8:215 S (2025–2026))

Innlegget

Over heile Noreg sorterer frivillige pensjonistar genserar. Innvandrarar øver på norsk bak kassa, og folk som slit med å kome seg tilbake i jobb, får ein meiningsfylt kvardag i ein gjenbruksbutikk. Det skjer ikkje fordi staten har lagt til rette for det. Det skjer trass i at staten ikkje har gjort det. KrF fremjar difor eit forslag om heilskaplege næringspolitiske rammer for gjenbruksdelen av næringslivet. Det er eg stolt av. Gjenbruksaktørane vert drivne av donerte varer og frivillig arbeidskraft, og overskotet går tilbake til samfunnet. Det er ikkje kommersielle butikkjeder, men dei vert handsama som om dei er det. Ta f.eks. meirverdiavgifta. Ein vanleg butikk kjøper inn varer og trekkjer frå moms på innkjøpet. Det kan ikkje ein gjenbruksbutikk gjere. Varene er donerte gratis. Resultatet er at dei betalar moms utan frådrag. I praksis er meirverdiavgifta ein ekstraskatt på miljø- og inkluderingsarbeid. Dette er løyst i Sverige og Danmark, men ikkje i Noreg. Sektoren manglar dessutan det aller mest grunnleggjande rammevilkåret. Det er ingen næringskode, inga kvalifiseringsordning og ikkje noko heilskapleg tilsyn. Bransjen er statistisk usynleg og politisk vanskeleg å treffe. Vi veit faktisk ikkje nøyaktig kor store miljøeffektane er, fordi registreringsstrukturen ikkje finst. Vi er klare for å tenkje breiare enn våre eigne forslag. Mindretalet ber i dag om eit rammeverk som ikkje berre gjeld ideelle, men alle gjenbruksaktørar – ideelle, kommersielle og offentlege – slik at dei får betre rammer. Regjeringa svarar at næringspolitikken bør vere generell og konkurransenøytral. Det er eit fornuftig prinsipp i dei tilfella der aktørane faktisk er samanliknbare, men ein frivilligdriven gjenbruksbutikk konkurrerer ikkje på like vilkår med f.eks. Hennes & Mauritz. Det er ikkje ei konkurransevriding å anerkjenne det. Frå 2027 vert det innført utvida produsentansvar for tekstilar. Dei ideelle aktørane er ikkje definerte i dette systemet. Folk som allereie handterer store volum innsamla klede, er dermed i eit regulatorisk ingenmannsland mens nye krav strøymer på. Nav-samarbeidet, sjølve grunnlaget for inkluderingsarbeidet, varierer frå kontor til kontor. Dette held ikkje. Fleirårige og forskjellige avtalar er ikkje byråkrati. Det er tryggleik for folk som treng ein stabil veg inn i arbeidslivet. KrF får støtte frå Høgre, Raudt og MDG til begge mindretalsforslaga. Når parti frå høgre til venstre er samde om dette, bør regjeringa lytte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat