Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Inge Lien, Geir Pollestad og Siv Sætran om kompensasjonsordning for bedrifter utan høve til omstilling (Innst. 405 S (2025–2026), jf. Dokument 8:198 S (2025–2026))
Innlegget
KrF er for det grøne skiftet. Vi trur på omstilling, vi vil ha lågare utslepp, og vi meiner næringslivet er ein stor del av løysinga. Men omstilling føreset at det faktisk er mogleg. Eit eksempel som også var nemnt av førre talar, er Vartdal Plast på Sunnmøre. Det er ei over 60 år gamal bedrift, ei veldriven bedrift med engasjerte eigarar og lokale samfunnsbyggjarar. Dei vil gjerne leggje om produksjonen bort frå fossile energiberarar. Dei har planar, og dei har vilje. Det dei ikkje har, er tilgang på nok straum. Nettet er fullt. Alternativa er utilstrekkelege, og mens dei står klare og ventar, trappar staten CO2-avgifta opp – kvart år. Det er ikkje god klimapolitikk. Det er straff for noko bedrifter ikkje har kontroll over. Prinsippet om at forureinar betalar, er rett, men det føreset at forureinar faktisk har eit val. Når staten ikkje har bygd ut nettet, ikkje sørgt for kapasitet, ikkje tilgjengeleggjort alternativ, er det ikkje er bedrifta som sviktar. Då er det staten som sviktar bedrifta. Regjeringa svarer at Enova finst, at handlingsplanen for nettutbygging er på plass, og at biobrensel kan brukast i mellomtida. Det er gode ord, men for Vartdal Plast og andre bedrifter i same situasjon er det ikkje nok. Dei treng straum no. Dei har ikkje tid til å vente på at politikken tek igjen verkelegheita. Difor er vi med på å be regjeringa innan våren 2027 kome tilbake med forslag om kompensasjon for CO2-avgift for bedrifter som ikkje har reelle høve til omstilling. Det handlar ikkje om å undergrave klimapolitikken. Det handlar om rimelegheit. Ein kan ikkje krevje av folk noko som praktisk talt er umogleg, og deretter sende rekninga. Eg har ei klar oppfordring til regjeringa om å byggje ut straumnettet, gjere det raskare og gjere det kraftigare, og prioritere det. Den beste løysinga er ikkje kompensasjon. Den beste løysinga er at bedriftene faktisk får evne til å gjennomføre dei kutta som er tenkt, og det næringsaktørane ønskjer.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat