Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Noregs fiskeriavtalar for 2026 og fisket etter avtalane i 2024 og 2025 (Innst. 276 S (2025–2026), jf. Meld. St. 5 (2025–2026))
Innlegget
Fiskeriavtalane og i grunnen heile havretten er overmåte viktige spørsmål for Noreg. Dersom me skulle ha vurdert viktigheita av sakene opp mot kor mange talarar som melder seg til dei forskjellige debattane, burde det ha vore langt fleire som tok ordet i denne debatten. Ei klok forvaltning av fiskeriressursane i havområda rundt oss byggjer lokalsamfunn langs kysten og landet som heilskap. Det er òg god sikkerheitspolitikk, ved at me reduserer konfliktar og handterer interessemotsetningar på fredelege måtar. Det er ikkje mindre viktig når tilgangen på fisk i mange havområde i verda blir mindre, anten det kjem av forureining, klimaendringar eller overfiske. At Noreg og dei landa me deler fiskeriressursar med, held orden i eige hus, klarer å finna levelege kompromissar og forvaltar fiskebestandane slik at dei blir overleverte til komande generasjonar i minst like god stand, er eit avgjerande bidrag, ikkje berre til vår sikkerheit og til levedyktige lokalsamfunn langs kysten, men eg vil seia at det òg er eit viktig bidrag til internasjonal fred og sikkerheit. SV støttar difor at Noreg fører vidare fiskerisamarbeidet med Russland i ein nedskalert versjon, i ei tid der samarbeid og kontakt elles er redusert til eit minimum. Eg vil åtvara mot forsøk på å avslutta samarbeidet heilt, og eg vil rosa regjeringa for å avvisa den heilt usaklege kritikken frå EU i det spørsmålet. Dersom russiske båtar skulla fiska småtorsk på si side i Barentshavet til erstatning for å kunna fiska den vaksne fisken i norske havområde, ville det gått hardt ut over heile bestanden og òg ramma den norske fiskerinæringa i stor grad. Det ville òg ha svekt oversikta og kontrollen vår med kva russiske båtar føretek seg. Eg merkar meg òg at verken Høgre eller FrP har slutta seg til fleirtalsmerknadene om utfordringane i fiskeriforhandlingane med EU. At EU prøver å utfordra norsk suverenitet i fiskeriforvaltninga og rana til seg ein uforholdsmessig stor del av kvotane, er alvorleg og uakseptabelt. Det er ikkje berre i Noreg si interesse, men òg i fisken og miljøet sine interesser at ikkje EU eksporterer problema sine med overfiske frå sine havområde og nordover til område under norsk jurisdiksjon.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat