Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 10. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Larsen, Erlend Wiborg, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Bård Hoksrud og Dagfinn Henrik Olsen om ivaretakelse av 2G-nettet (Innst. 402 S (2025–2026), jf. Dokument 8:231 S (2025–2026))
Innlegget
Trafikkulykker, eller rettare sagt det å rette opp etter dei, har vore ein sentral del av det yrkesaktive livet mitt sidan eg begynte i kirurgien i 1998. I traumeutvalet i Helse Førde, der eg har vore leiar, i traumenettverket på Vestlandet og i det nasjonale traumemiljøet har nettopp trafikksikkerheit stått veldig sentralt. Eg har behandla tallause trafikkskadde saman med teamet mitt og kjenner traumemiljøet i Noreg svært godt. Trafikksikkerheit står høgt på agendaen vår, både i traumemiljøet og i MDG. Eg blei difor litt i stuss då denne saka kom opp. Vi veit om mange tiltak som hjelper mykje for trafikksikkerheit, m.a. redusert fart i ulykkesutsette 80-soner i tettbygde strøk. Går farten ned ved at ein tek strekningsmåling, har auka innsats mot rusåtferd eller sprengjer bort hamrar i uoversiktlege svingar, vil det hjelpe mykje. eCall har derimot ikkje på nokon som helst måte framstått som eit sentralt trafikksikkerheitstiltak. eCall verka som ein god idé i 2010, lenge før alle hadde ein smarttelefon i lomma. I dag ringjer dei aller fleste frå ein smarttelefon når ulykka skjer, og naudetatane veit straks kvar du er. Dei moderne bilane melder også til produsenten om at noko har skjedd. Det er ei lang rekkje falske alarmar som må sjekkast ut i eCall-systemet. Det belastar sentralane, noko som i seg sjølv er ein viss trussel. Som gammal telegrafist og radioamatør veit eg at ulike frekvensar som blir brukte til telekommunikasjon, har ulike eigenskapar. No trengst frekvensen i 2G-nettet til å utvide rekkjevidda i 4G- og 5G-nettet. Det er i seg sjølv positivt for trafikksikkerheita. Kva som skal skje vidare med eCall, er eit regulatorisk spørsmål. Truleg er det klokast å avvikle ordninga slik ho er i dag, og kanskje erstatte det med at moderne bilar uansett kommuniserer med produsenten om å utlevere ulykkesdata i sanntid, f.eks. Eg har sjekka med delar av nettverket mitt, bl.a. Nasjonalt kompetansesenter for helsetenestens kommunikasjonsberedskap, KoKom, og der blir inntrykket mitt bekrefta, som også er det eg finn i litteraturen: Det er avgrensa kunnskap, men det er eit klart inntrykk at det verken er behov for meir utgreiing eller at ei utgreiing faktisk vil gje oss meir relevant informasjon når det gjeld trafikksikkerheit. Regjeringa må sjølvsagt sørgja for at alle relevante verksemder er informerte, og verksemdene må sjølve tilpasse seg endringane. Det har dei allereie hatt ein del tid på, og det er framleis halvanna år igjen. Om ein meiner trafikksikkerheit er viktig, er eCall og forlenging av 2G-nettet eit blindspor. Vi har mange effektive tiltak som kan innførast. Redusert fart i tettbygd strøk og på ulukkesutsette strekningar i 80-sonar er lågthengande frukt, likeså strekningsmåling og tiltak mot rusåtferd. Eg inviterer difor Stortinget til å stemme for eitt eller fleire av forslaga frå MDG, som tek opp nettopp dette. Med det tek eg opp forslaga frå MDG.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat