Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bjørn Larsen, Erlend Wiborg, Helge André Njåstad, Rune Midtun, Bård Hoksrud og Dagfinn Henrik Olsen om ivaretakelse av 2G-nettet (Innst. 402 S (2025–2026), jf. Dokument 8:231 S (2025–2026))

Innlegget

Eg tippar fleire enn eg har vore innom ein AMK-sentral av og til og sett korleis det fungerer der. Eg har vore der utallege gonger når det koker, og det siste ein treng, er masse falske alarmar, for å seie det sånn. Vi blir uansett aldri 100 pst. trygge ved å planleggje og greie oss ut av ting. Vi planla og greidde ut masse ved 2000-skiftet – for dei som er gamle nok til å hugse det – då alle datamaskiner kunne ha gått i svart og samfunnet kunne ha brote saman. Var det nokon som merkte noko då i det heile? Eg kan ikkje hugse nokon ting iallfall. Det var stor motstand mot å byggje ned koparnettet. Likevel blei det bygd ned, og det var vel knapt merkbart. Lite tyder på at vesentleg infrastruktur skal vere vanskeleg eller umogleg å fjerne på den tida som er igjen. Det å byrje å greie ut og skape usikkerheit om vi skal stengje ned eller ikkje no, når noko alt er godt greidd ut, er å kaste bort ressursar vi burde brukt på heilt andre ting. Å bruke enda større kostnader på å utsetje stenging av 2G-nettet, som vi heller burde brukt på gode trafikksikkerheitstiltak vi veit hjelper, er verkeleg å gå baklengs inn i framtida. Eg har brukt ein god del tid på dette for å gå fagleg inn i det. Det burde eg sjølvsagt ikkje ha gjort som stortingsrepresentant. Eg har gjort det likevel. De beste anslaga eg har klart å finne, tyder på at vi snakkar om null til maks eitt liv per år som blir redda. I tillegg har det ein del negative effektar som kan gå andre vegen, så vi veit ikkje om det er ein netto positiv effekt. Eg skal ikkje seie at belastninga på AMK-sentralen er så stor, men det å ikkje ha god nok dekning på 4G- og 5G-nettet kan også bidra til å ta liv. Som sagt blei koparnettet stengt for nokre år sidan. Det gjekk faktisk heilt bra. Det blir sagt at forskjellen på liv og død kan vere nærmast nokre sekund. Det er ikkje mi erfaring frå akuttmottak. Det er klart at tid betyr noko, men da må det faktisk også fungere. Då må det faktisk vere eit antal pasientar som kjem tidlegare til sjukehuset, og det skal ufatteleg mange pasientar til før det eventuelt har ein effekt. Den svenske studien tydde jo faktisk på at det var lengre utrykkingstid. Det er sjølvsagt mange gode grunnar til å kritisere den, men anslaga er altså at det knapt er nokon effekt, kanskje negativ. Eg fekk nokre morosame spark frå Framstegspartiet her om at det er kampen mot bilen. Eg har gått ut i valkampen og sagt at eg elskar bilen min eller iallfall er svært glad i han og kjem til å ha han. Vi har ingen kamp mot bilen. Vi har ein kamp mot dårleg trafikksikkerheit og for høg fart der det absolutt ikkje burde vere det. Bilen er flott, men vi treng ikkje å køyre han så fort på ulykkesutsette stader at det er ein trafikksikkerheitsrisiko. Eg oppfordrar til å vurdere alle forslaga til MDG.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat