Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2026

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Harry Valderhaug, Ida Lindtveit Røse og Jorunn Gleditsch Lossius om helhetlige næringspolitiske rammer for ideelle gjenbruksaktører (Innst. 435 S (2025–2026), jf. Dokument 8:215 S (2025–2026))

Innlegget

Ideelle, kommersielle og offentlege gjenbruksaktørar spelar ei viktig rolle i arbeidet for auka gjenbruk og redusert avfall. Aktørane bidrar òg til arbeidsinkludering, ofte med lokal forankring og klare sosiale formål. Samtidig som vi har behandla denne saka, har eg sjølv reparert ei vare. Då la eg merke til at reparasjonen kosta nesten akkurat det same som å kaste vara, for så å kjøpe ho på nytt i brukt tilstand. Utan moms ville forskjellen vore vesentleg. Tilpassingar i meirverdiavgiftssystemet er eit tiltak som blir etterspurt av fleire aktørar, og FrP erkjenner at det aukande presset på naturressursane våre gjer at vi bør utnytte dei best mogleg og etterlate minst mogleg avfall. I praksis blir meirverdiavgifta på gjenbruk ein kostnad og eit hinder for miljø- og inkluderingsarbeid. Difor vil FrP i denne saka be regjeringa om oppdaterte rammevilkår. Momsfritak på gjenbruksvarer inngjekk i vårt forslag, men det fekk vi dessverre ikkje gjennom i denne omgang. Då støttar FrP heller forslaget om eit heilskapleg næringspolitisk rammeverk for ideelle, kommersielle og offentlege gjenbruksaktørar, for dette er ein sektor som i dag manglar nokre grunnleggjande rammevilkår. Det finst ingen eigen næringskode, inga kvalifiseringsordning tilpassa gjenbruksverksemd og ingen heilskapleg tilsynsmodell. Bransjen blir då statistisk usynleg og vanskeleg å handtere politisk. Manglande definisjon gjer det også vanskeleg å skilje seriøse aktørar frå useriøse, noko som kan undergrave omdømet til heile sektoren. Aktørane operer no i eit skjeringspunkt mellom nærings-, miljø- og sosialpolitikk. Dei driv butikkverksemd og logistikk, dei reduserer avfall og forlengjer levetida til produkt, og dei tilbyr arbeidstrening, inkludering og frivilligfellesskap. Overskot blir ofte reinvestert i samfunnsnyttige formål, og dei tilbyr arbeidstrening for dei mange som treng det. Det meiner eg vi skal leggje til rette for i større grad enn i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat