Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet kjem til å støtta denne lovproposisjonen. Vi forstår intensjonen bak han, og fleire har sagt det frå talarstolen, men det er viktig for oss å presisera at barnevernet sitt føremål framleis ikkje skal vera behandling eller samfunnsvern. Vi må heile tida sjå på korleis vi kan forbetra tilbodet i det barnevernet vi har, for dei barna som treng oppfølging og beskyttelse. Vi ser at det er ei oppfølging av den rapporten som ekspertutvalet la fram, om ikkje det er heilt direkte dei same forslaga. Vi kan forstå behovet for at institusjonsopphaldet kan og bør kunna forlengjast utover tolv månader for nokre, men vi vil følgja med på korleis dette vert praktisert. Vi seier òg ja til at akuttopphald kan medreknast, men vi meiner òg at vi må følgja med på praksisen. Når det gjeld det at alle barnevernsinstitusjonar og omsorgsinstitusjonar skal ha høve til å vedta inngrep i barna sin rett til besøk og bruk av elektronisk kommunikasjon og internett: Ja, det er ein større inngripen, men vi støttar det òg. Det som er bra med det, er at det kan bidra til at færre barn må flytta. For i dag må ein flytta etter dei institusjonane som har dei rette heimlane, og det er eit system som vi faktisk må endra på. Det som på ein måte er bekymringa vår, er at vi gjer ting i litt feil rekkefølgje. Det er vedtatt eit kvalitetsløft for ei ny innretning av barnevernet, med større, fleksible institusjonar der barn skal kunna vera til det går bra, og der ein slepp å flytta. Eg er bekymra for at vi no eigentleg vedtar endringar i tvangsreglementet, utan at vi har fått desse institusjonane på plass. Dette er grunnen til det eine lause forslaget vårt, der vi ber om at regjeringa kjem tilbake med ein plan, så vi får ein framdriftsplan for kor tid vi kan sjå at nye institusjonar er på plass i Noreg, som ei oppfølging av kvalitetsløftet. Vi fremjar òg eit konkret forslag om ei følgjeevaluering. Det kan vera at det vert gjort uansett, men det er veldig viktig for oss for å kunna støtta desse lovendringane. Så vil vi støtta forslag nr. 1 frå Høgre og FrP – om dei kan endra det til april 2027 –, fordi vi meiner det er viktig å få til ei betre organisering og styring av det statlege barnevernet. Vi stemmer mot forslag nr. 2 og 3 i innstillinga. Vi stemmer òg mot forslag nr. 4, sjølv om vi har sympati med det. Eg tar opp våre eigne forslag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat