Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) (Innst. 362 L (2025–2026), jf. Prop. 86 L (2025–2026))

Innlegget

Tvang generelt, og tvang i barnevernet, er alltid vanskelege debattar. Til siste talar: Eg har veldig stor respekt og forståing for standpunktet til SV i denne saka. Eg synest likevel at vi må vi må tenkja litt på kva vi hadde gjort med våre eigne barn. Om barnet ditt avtalte sal av seksuelle tenester eller kjøp av rusmiddel via mobilen sin, og du visste om det som forelder, hadde du kanskje vurdert å ta frå det barnet mobiltelefonen viss det var fare for liv og helse. Det er på ein måte dei same heimlane vi no gir til barnevernsinstitusjonar. For dei som jobbar i barnevernet, som er usikre på om dei har dei heimlane dag, er det frykteleg, for dei opplever at dei ikkje kan beskytta barn frå det som er ein trugsel i dagens digitale verd. Det er kjempeenkelt å koma i kontakt med barn når dei kjem på institusjon. Dei får inn tilbod når dei nærmar seg det området, så dette er ikkje enkelt. Eg støttar desse lovendringane. Sjølv om det er nokon forslag vi er meir betenkte på, har vi gått for det totalt sett. Det må verta sagt at dette skal evaluerast, men vi opprettheld vårt forslag om ei følgeevaluering, der vi òg er tydelege på kva vi ønskjer at skal følgeevaluerast. Eg hadde håpa at det kunne vore eit tydeleg vedtak om dette frå Stortinget. I vårt forslag nr. 6 ber vi om ein konkret plan for omstillinga av barnevernets institusjonstilbod. Vårt poeng er at veldig mykje tvangsbruk kan førebyggjast om ein får nye, gode institusjonar der barn får helsehjelp, der rusbehandling vert flytta til helsevesenet, og der dei slepp å flytta i det uendelege, men får ro og stabilitet. Difor ber vi om ein plan for dette. No seier representanten frå Arbeidarpartiet at det er å slå inn opne dører, og at departementet jobbar med det. Det veit ikkje eg. Kvalitetsløftet fekk stor oppslutning på Stortinget. Da vil eg råda regjeringa til å ta Stortinget med på oppfølginga av kvalitetsløftet, slik at vi kan vita korleis denne planen er, for han kan ikkje dra veldig ut i tid. Til slutt vil eg berre seia at eg deler Høgre sin vurdering av forslag, òg om å få fram ei sak om oppfølging av rapporten frå Stene-utvalet. Det hastar òg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat