Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet har i stortingsprogrammet vårt at vi ønskjer å avvikle anbodssystemet i barnevernet. No er dette eit representantforslag frå Raudt, og vi skal behandla eit representantforslag frå Senterpartiet litt seinare. Vi kjem ikkje til å støtta det forslaget som er tatt opp i denne saka, fordi vi har vårt eige forslag i den andre saka som er til behandling. Vi vil koma tilbake igjen til argumentasjonen for det i den saka. No er det slik at vi har eit system i barnevernet i dag som baserer seg på å bruka anbod og konkurransar for å knyta seg til dei tenestene som ein treng for å gje barn det tilbodet som dei har behov for. Det er òg til refleksjon at dette systemet ikkje fungerer så veldig bra i dag. Stene II-rapporten er tydeleg på at ein ikkje har sikra kvalitet, kompetanse og kontroll på kostnader. Sjølvsagt har Stene II-rapporten mest med organisering og styring å gjera, men det viser at du må ha kompetanse i eit direktorat eller ein etat for å kunna sikra kvalitet og kontroll når ein bruker anbod på så komplekse tenester som barnevernet er. Ulike utval som har sett på bruk av private i velferda, tar ofte opp at barnevern er litt spesielt, i og med at det er veldig samansette behov som pasientane eller brukarane har. Det viser òg dei rapportane, blant anna om kvalitet og kostnader som ein ikkje har kontroll på. Senterpartiet er skeptisk til å bruka anbod akkurat i ein slik sektor og ønskjer at vi skal få fram eit anna system der vi kan bruka private i langsiktige avtalar basert på kvalitet. Verst er det jo når det vert ein slik omfattande bruk av enkeltkjøp som ein dessverre ikkje har klart å få særleg ned. Det går i rett retning, men det er framleis for mange. Det handlar om at barnevernet i mange år har hatt altfor liten grunnkapasitet, altfor liten kapasitet til å ta vare på dei ungane som har mest behov. Til samanlikning med helsevesenet hadde det vore parallelt om vi skulle lagt akuttmottak i lokalsjukehusa eller på andre sjukehus ut på anbod. Det gjer vi ikkje. Det har vi i offentleg regi. På same måte må vi ha grunnkapasiteten i barnevernet i offentleg regi, særleg for å ta vare på dei unge og familiane med størst behov.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat