Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Hege Bae Nyholt om å avvikle anbudssystemet i institusjonsbarnevernet (Innst. 333 S (2025–2026), jf. Dokument 8:202 S (2025–2026))

Innlegget

Eg tar ordet fordi eg opplever at det vel er eg som får det meste av kritikken i denne saka, med tanke på slik situasjonen var i barnevernet i 2023 og 2024, da eg var statsråd. Eg tar imot kritikken for situasjonen som var, men eg synest det vert veldig overflatisk, for det var ingen som sa at det berre var ein politisk grunn til at det var ein krevjande situasjon i barnevernet da. Viss ein les rapporten til Riksrevisjonen, som fleire har vist til her, ser ein at det var fleire årsaker til situasjonen. Ei årsak er at før 2022 var det ei villa nedbygging av institusjonsplassar fordi det var færre ungar som vert søkte inn. Ein hadde altså bygd ned kapasiteten. Ei anna årsak som Riksrevisjonen viser til, er at det etter pandemien vart mange fleire ungar med samansette behov. Vi hadde nettopp ei sak med årsak i fleire med kriminell åtferd, fleire med psykiske lidingar, fleire med rus. Det gjorde at ein ikkje kunne ha så høgt belegg på dei plassane enn ein hadde. Ja, vi hadde ei formulering i Hurdalsplattforma om utfasing, men viss ein ser på resultata, ser ein at ein i dei åra brukte meir private enn ein hadde gjort før. Det vart dessverre òg auka bruk av enkeltkjøp. Eg meiner det er kjempealvorleg med brot på bistandsplikta og er veldig glad for at det no har ei anna retning. Eg vil likevel vera veldig tydeleg på at eg synest det er svært uheldig – iallfall var det slik – at 70 pst. av tilbodet til ungar med samansette behov, dei såkalla åtferdsinstitusjonane, som dei heitte før, vart drivne av kommersielle via anbod. Eg meiner det er riktig med ein politikk der det offentlege sjølv kan gje eit tilbod til ungar med dei mest samansette behova, og sånn sett at ein reduserer bruken av kommersielle. I debatten i den neste saka, som omhandlar ideelle, vil eg ta opp vore krav og forventingar til auka bruk av ideelle. Utfasing av det kommersielle barnevernet har faktisk aldri vore i Senterpartiet sine formuleringar, men vi vil jo at ein skal ha ein stor reduksjon, og det er offentleg og ideell drift vi no kjempar for.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat