Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe, Bengt Fasteraune og Bent-Joacim Bentzen om et gratis og likeverdig kremasjonstilbud (Innst. 334 S (2025–2026), jf. Dokument 8:209 S (2025–2026))
Innlegget
I Noreg er det ein viktig verdi at innbyggjarane våre skal ha lik rett til ei verdig gravferd, uavhengig av økonomi, religion og så vidare. Men det er dessverre ikkje sånn. Det er variasjon når det gjeld både kostnader og tilgjengelegheit, om ein vel kistegrav eller kremasjon. Når det gjeld kremasjon, kan kommunane tilby det. Det er ikkje ein lovfesta rett, og kommunane står fritt til å tilby tenesta. Eg meiner at det er på høg tid å ta tak i dette når det har gått så lang tid sidan NOU-en om dette vart fremja. Det har vore saker i media om enkeltpersonar – ja, men likevel – som står fram, som pårørande til ein avdød, og seier at dei ikkje hadde råd til å følgje den siste viljen til mor si, om at ho ville kremerast, på grunn av at dei ikkje hadde råd til å betala 10 000 kr, som kommunen tok i kremasjonsavgift. Eg tenkjer at dette er ikkje greitt. Eg merka meg at FrP på talarstolen i dag var veldig ivrig for ei avgift, og det synest eg er litt spesielt. Vi erkjenner at dette må greiast ut, men arbeidet må på ein måte starta, og eg er ueinig i at det har økonomiske konsekvensar no. Men ut frå tilbakemeldingane har vi endra forslaget vårt i det opphavlege Dokument 8-forslaget, så no er ordlyden: «Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag til tiltak som sikrer at gravlegging blir gratis uavhengig av gravleggingsform (kistegrav eller kremasjon) og komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan dagens kremasjonsavgift kan avvikles.» Det same gjeld forslag nr. 9: «Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag som klargjør lovverket og sørger for tydelig ansvarsplassering og retningslinjer for å sikre en tilstrekkelig gravferdsberedskap.» Merk òg at vi ikkje har sett noko årstal for kor tid dette skal koma tilbake igjen. Eg meiner at dette burde fått meir støtte enn det synast å ha. For å koma med litt meir stemmeforklaring: Senterpartiet kjem til å stemma mot forslag nr. 1, 3 og 4 og for nr. 2, 5, 6, 7, 8 og 9, og vi kjem til å stemma mot tilrådinga. Eg trudde vi kunne ha eit raud-grønt fleirtal her i dag, der vi var mot private krematorium, og eg synest det er trist at vi ikkje nytta denne anledninga. Eg meiner òg at forslag nr. 7, om ein plan for ein auke i kremasjons- og kjøleromskapasiteten, er eit forslag vi kunne fått fleirtal for. Eg tar opp Senterpartiet sine forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat