Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tone Wilhelmsen Trøen, Haagen Poppe, Tage Pettersen og Mathias Willassen Hanssen om å løse fosterhjemskrisen (Innst. 331 S (2025–2026), jf. Dokument 8:242 S (2025–2026))
Innlegget
Takk til forslagsstillarane for å løfta eit veldig viktig tema. Dei aller fleste barn som ikkje kan bu heime, bur i fosterheim, og det er eigentleg grunnmuren i barnevernstenesta vår. Fleire har vist til fosterheimsmeldinga som vart fremja i 2024, og Kvalitetsløftet følgde òg opp ein del viktige milepælar der, bl.a. med å sikra fosterforeldre kompensasjon for manglande tenestepensjon, og òg andre rettar vart styrkte. Men eg ser jo tala. Det er framleis ein auke i talet på barn som ventar på ein fosterheim, så her er vi aldeles ikkje i mål. Eg er einig med dei som har sagt at vi alltid må sjå på korleis vi kan forbetra dette tilbodet, gjera det slik at fleire ønskjer å verta fosterforeldre, at fosterforeldre klarer å stå i den jobben, og at vi klarer å gi dei oppfølging både fagleg og økonomisk i den jobben som dei gjer. I denne saka vil Senterpartiet stemma for tilrådinga frå komiteen I–IV, men vi stemmer imot V. Så stemmer vi imot forslaga nr. 1–4 og 8–12, men vi vil stemme for forslaga nr. 5–7 og 13–16. Eg vil omtala nokre av våre eigne forslag. Det er forslag i innstillinga om å laga ei betalingsordning ved brot på bistandsplikta. No er jo målet at det ikkje skal vera brot på bistandsplikta, men det har vore eksempel på at kommunar står igjen med veldig store kostnader og ansvar som eigentleg er staten sitt, og det er klare brot på bistandsplikta. Men vi har eit litt alternativt forslag der vi ber regjeringa greia ut og koma tilbake til Stortinget med forslag til ei ordning som opnar opp for at kommunar som vert påførte ekstra store kostnader ved ivaretaking av barn ved bistandspliktbrot i barnevernet, kan få kompensert for dette av Bufetat. Vi har òg eit forslag, nr. 14, som seier noko om at tilgangen til spesialiserte fosterheimar skal auka, som er eit alternativ til forslaget om å innføra bistandsplikt for spesialiserte fosterheimar, og vi har forslag nr. 15, som går på å informera om gjeldande reglar som seier at private aktørar kan brukast til både rekruttering, oppfølging og rettleiing av fosterheimar, mens det er som er viktig, er at sjølve fosterheimsavtalen vert gjord mellom fosterheimen og kommunen. Vi støttar òg forslag nr. 16. Eg tar opp forslaga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat