Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Kjersti Toppe om å øke andelen institusjonsplasser i ideelle barnevernsinstitusjoner (Innst. 329 S (2025–2026), jf. Dokument 8:250 S (2025–2026))
Innlegget
I dette representantforslaget fremjar Senterpartiet eit forslag om å auka den ideelle andelen av institusjonsplassar i barnevernet til 40 pst. innan 2030, ved at den offentleg andelen ikkje vert redusert. Vi fremjar eit forslag om at ideelle tilbydarar skal inkluderast i arbeidet med omstilling til ny institusjonsmodell, jf. Kvalitetsløftet. Vi fremjar eit forslag om at dei ideelle barnevernsaktørane vert gitt forrang ved konvertering av enkeltkjøp til driftsavtalar og ved behov for auka institusjonskapasitet. Vi fremjar eit forslag om at ein aukar grunnkapasiteten i institusjonsbarnevernet og sikrar at akuttberedskapen vert driven i offentleg og ideell regi, og dessutan at ein må berekna grunnkapasiteten med tilstrekkeleg overkapasitet for å ta høgd for variasjonar i etterspurnad og akuttsituasjonar. Vi fremjar eit forslag om å greia ut ein eigen etablerings- og omstillingsstønad for ideelle tilbydarar som ønskjer å omstilla drifta si. Og vi fremjar eit forslag om å koma med ei eiga sak om korleis barnevernet kan skjermast mot anbod, slik at ideelle tilbydarar i staden får langsiktige kontraktar basert på kvalitet. I innstillinga fremjar Arbeidarpartiet eit forslag, som er ei svekking i forhold til desse forslaga vi fremjar, om at ideelle tilbydarar skal inngå med betydeleg andel av langsiktige kontraktar. Men det er jo uvisst om Arbeidarpartiet og andre som støttar dette forslaget, eigentleg ønskjer ein vekst, er tilfreds med nivået i dag, eller om dette betyr at ein kan ha ein mindre andel av ideelle tilbydarar. Da er vi nok ueinige i denne saka, for Senterpartiet er veldig opptatt av at vi må sikra at dei ideelle tilbydarane kan verta brukte meir og ikkje mindre. I 2018 var det eit fleirtal i Stortinget om å setja eit mål på 40 pst. innan 2025. Det målet er jo ikkje nådd i dag, og difor ønskte vi eit nytt mål. Eg ser at statsråden i brev til komiteen åtvarar mot å gi føringar for innretninga og drifta av barnevernet. Det er eg òg faktisk ueinig i. Dette handlar om politikk og politisk vilje. Har ein eit ønske om å styrkja ideell sektor og barnevernet, må ein faktisk òg meina det politisk.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat